Hugsar du ClayFighter?

Dei animerte kampkjempene kastar leire igjen neste år.

Vi har sett mange sære spelkonsept opp gjennom åra, men ein av dei raraste spelseriane gjennom tidene er ClayFighter-spela frå 90-talet. I desse spela som starta med ClayFighter på Super Nintendo i 1993 fekk vi servert slåssespel med ein uvanleg vri. Alle figurane var modellerte leirefigurar som blei fotograferte og putta inn i spelet i likskap med dei første Mortal Kombat-spela.

No kan vi lese hos VG247 at Interplay har planar om å vekkje serien til live igjen med ClayFighter: Remastered, som skal lanserast på PC i 2016.

Alle spela på ein stad

ClayFighter er ikkje heilt som andre slåssespel.

I alt blei det utvikla fem spel i ClayFighter-serien. Innhaldet frå desse spela skal no samlast i ei pakke med betre grafikk og lyd, samt nokre nye element.

Vi vil igjen møte figurar som Bad Mr. Frosty, Earthworm Jim og Blue Suede Goo på over 20 ulike kampnivå. Interplay ser derimot ikkje ut til å nøye seg med berre å gje oss gamle spel i ei ny innpakning. Nye mekanikkar som doble hopp, korte svev gjennom lufta, og kontring vil bli introdusert til miksen.

Vi blir lova betre grafikk, men om det berre er snakk om å pusse opp den gamle grafikken, eller å byggje alt opp frå grunnen av er det ikkje sagt noko om.

Sjølv om ClayFighter: Remastered byr på slåssing med ein unik vri, vil spelet få solid konkurranse frå andre slåssekjemper. Eit nytt Mortal Kombat-spel lanserast snart, og Capcom kunngjorde for ei tid tilbake Street Fighter V for PlayStation 4 og PC.

Siste fra forsiden