Hunaren Attila angrip i neste Total War

Det neste spelet i den enormt populære strategiserien er kunngjort.

Sjølv om det knapt har gått eit år sidan det førre kapittelet i den populære Total War-serien blei lansert, betyr det på ingen måte at Creative Assembly har lege på latsida sidan den gong. I dag har dei kunngjort Total War: Attila, får vi vite i ei pressemelding, og i dette spelet kjem romarriket under sterkt press frå Hunaren Attila.

Spelet skal vere laga for erfarne Total War-spelarar, og vil by på ei rekke element som vil utfordre dei små grå. Ei rekke nye element vil gjere livet surt for stakkarane som levde i året 395. Klimaet er til dømes i endring, og medan kulda set inn er det ikkje berre bøndene som slit med å dyrke mat, men sjukdom herjar kontinentet, og om du ikkje er ekstra påpasseleg med sanitære forhold han krigarane dine enda opp med å spreie pest frå by til by.

Mange utfordringar

Å brenne ned ein landsby er ein av fleire nye taktikkar du kan ta i bruk.
Å brenne ned ein landsby er ein av fleire nye taktikkar du kan ta i bruk.

Heile landsbyar kan bli raserte med jorda i Total War: Attila. Enten gjennom kamp, eller som strategiske ledd for å gjere frammarsjen til motstandarane vanskelegare. Eit slag kan på si side få flammane til å ete seg veg gjennom byen og ta knekken på moralen til soldatane dine, og om du let slaget vare for lenge er det ikkje sikkert det er mykje igjen å redde.

Alt er ikkje berre sorg og jammer. Utviklarane har gjort markante oppgraderingar på den grafiske fronten som vil gjere det langt tydelegare kvar du er i verda. Både klimaforhold og endringar i natur vil bli synlege på lang avstand.

I tillegg er familie- og eigenskapstre tilbake, etter å ha vore borte frå Total War: Rome II. Ved sidan av dette lovar Creative Assembly å gi langt meir oversikt enn før, for å gjere det lettare å ha kontroll på kampar og kongerike.

Total War: Attila er kunngjort for Windows og Mac, og vil bli tilgjengeleg på eit ubestemt tidspunkt neste år.

Om du aldri heilt fekk sett deg inn i Total War-serien kan det vere ein íde å ta ein kikk på vår feature om Total War-seriens historie.

Kommentarer (13)

Forsiden akkurat nå

Til toppen