I dette retrorollespelet får du erfare det brutale fengselslivet

The Wire møter Chrono Trigger i indiespelet Prisonscape.

Dei ferraste kunne nok tenkt seg ein tur i kasjotten, men det er akkurat dette som står på programmet i Prisonscape, eit komande rollespel som nyleg dukka opp på Kickstarter. Utviklarane skriv på kampanjesida at dei har henta inspirasjonen frå TV-seriar som The Wire og Oz, men òg japanske rollespelklassikarar som Chrono Trigger og Final Fantasy VI.

Dette høyrest kanskje ut som ein noko bisarr kombinasjon, men utviklarane fortel at dei har ingen planar om å glorifisere fengselslivet. Sjølv om den grafiske stilen ved første augekast kan framstå søt og sjarmerande, skjuler den ei brutal og valdeleg kjerne.

Finn din eigen veg

Livet i fengsel er ikkje berre ein leik.
Livet i fengsel er ikkje berre ein leik.

I spelet vil du ta på deg rolla som ein nyleg arrestert mordar som blir sendt strake vegen til fengsel. I fengselet må du byggje alliansar med fangar, og bruke alle tenkjelege midlar for å handtere det vanskelege livet der. Du vil kunne lage våpen og utstyr frå diverse gjenstandar du finn rundt omkring i fengselet, men dialogen med fangar og fangevaktarar vil bli like viktig.

Du vil sjølv få velje kva slags person du vil vere. Du kan satse på å vere bølla som snakkar med knyttnevane sine, ein karismatisk manipulator, eller noko heilt anna. Du vil kunne ta på deg jobbar for å tene respekt hos medfangar, tyste til vaktene for å få tilgang på nye jobbar, samt goder som sigarettar og meir fritid. Eventuelt kan du bruke tida di på å studere, eller trene for å bli sterkare.

Blodige slagsmål vil oppstå hyppig, og spelet byr på eit turbasert kampsystem der intelligens kan bli like viktig som rå styrke. Ein dum og sterk krigar kan kanskje gjere stor skade, men ein smart pusling kan utnytte fiendens svake sider.

Utviklarane har så langt samla inn 6000 av dei 49,500 dollarane dei er på jakt etter for å få spelet ferdig. Kjem dei i mål i løpet av dei 27 dagane som er igjen av kampanjen satsar dei på å lansere spelet på Windows, Mac og Linux rundt juletider.

Om du lurer på korleis spelet ser ut i aksjon bør du ta ein kikk på videoen nedanfor.

Prisonscape er ikkje det einaste spelet som sender oss inn i fengselsverda. I Prison Architect skal du byggje og drifte ditt eige bur for kriminelle.

 

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen