I No Man's Sky kan du besøke alle planetane på himmelen

Fire personar lagar imponerande sci-fi-univers.

Nokre gongar dukkar det opp eit spel som gjer ting du aldri har sett før. Under VGX i natt fekk vi sjå eit slikt spel. No Man's Sky er eit uhyre ambisiøst spel fro Hello Games, gjengen bak Joe Danger-spela. No Man's Sky er derimot noko heilt anna dei sideskrollande spela om stuntmannen Joe Danger.

I No Man's Sky får du utforske verdsrommet. Spelet byr på eitt enkelt univers alle spelarane vil vere i samtidig. Kvar stjerne på himmelen vil vere ei sol i eit solsystem, og kvar av desse planetane kan du reise til. Kvar planet vil i tillegg ha sitt eige økosystem, og det heile er bygd prosedyrisk slik at kvar planet du reiser til er unik.

Ser du ein planet på himmelen er det godt mogleg nokon som vandrar på den der og då.

I alle element

I spelet vil du kunne gjere alt frå å vandre til fots på bakken, dykke under vatnet, eller hoppe inn i eit romskip for å skyte ned nokre asteroider som ligg ei vegen for deg. Nøyaktig kva målet ditt i spelet er, er det ikkje mange detaljar om heilt enno, men ut av den imponerande første traileren er det mykje som tyder på at det blir ein del kampar medan du sit i cockpiten på eit romskip. Hovudfokuset ser derimot ut til å liggje på å utforske planetar.

Eitt av måla til Hello Games er å lage noko heilt anna enn dystopiske framtidsversjonar med romsoldatar på krigsstien. I staden har utviklarane henta inspirasjon frå forfattarar som Isaac Asmov og Robert A. Heinlein og vil by på ting som aude landskap, krasjlanda romskip og innbydande planetar som heng tungt på himmelen.

Kva plattformer No Man's Sky kjem til er ikkje kunngjort enno.

Siste fra forsiden