Icewind Dale: Enhanced Edition er lanseringsklart

Allereie neste veke får vi ta turen tilbake til det iskalde nord.

Utviklarane hos Beamdog har gjort stor suksess med å pusse opp gamle rollespel. Først ute var BioWares Baldur's Gate: Enhanced Edition, før dei heldt fram med oppfølgjaren Baldur's Gate II: Enhanced Edition. Beamdog såg seg likevel ikkje nødge med å stoppe der. Tidleg førre månad kunne dei fortelje at dei var i full sving med å pusse opp Icewind Dale, eit spel utvikla av legendariske Black Isle Studios.

No kan vi hos Eurogamer lese at spelet er ferdig, og klart for lansering på Windows, Linux og Mac 30. oktober. Spelet vil bli tilgjengeleg via Beamdogs nettsider, GOG og Steam. iOS- og Android-versjonane er ikkje heilt klare enno, men vil vere det snart.

Mykje nytt innhald

Icewind Dale har fått seg ei overhaling.

Som med oppussingane av Baldur's Gate-spela har ikkje Beamdog berre pussa på det grafiske når dei no har teke føre seg Icewind Dale. Spelet kjem med ei solid rekke nytt innhald. Mest spanande der er kanskje seks nye oppdrag som byr på innhald som i si tid blei kutta frå originalspelet. Vidare finn vi ein ny rase i form av ein halv-ork, eit lass med nye gjenstandar og klassekombinasjonar, samt moglegheita for å spele fleirspelar på tvers av plattformer.

I tillegg byr spelet på ein ny historiemodus der du skal få ta inn heile historia utan å måtte slite deg gjennom Game Over-skjermar. Sidan Icewind Dale hadde større fokus på kamp enn historie, spørs det kor mange som vil dra nytte av denne moglegheita.

Vår Baldur's Gate-ekspert var i fyr og flamme over både Baldur's Gate: Enhanced Edition og Baldur's Gate II: Enhanced Edition, og meinte begge spela var betre enn nokon sinne.

Mange er svært glade i isometriske rollespel, og det er ingen til om at dei går gode tider i møte. Beamdog jobbar sjølve med eit nytt Baldur's Gate-prosjekt, medan mange veteranar frå dei gamle BioWare- og Black Isle-dagane gjer det same. Obsidian jobbar for tida med Pillars of Eternity, medan inXile lagar ein oppfølgjar til klassikaren Planescape: Torment.

Siste fra forsiden