Ikkje meir Dino Crisis og Onimusha med det fyrste

Capcom ser heller framover enn bakover.

Som eit av dei største japanske spelselskapa har Capcom ein solid katalog med seriar å plukke frå. Sjølv om Resident Evil- og Devil May Cry-seriane har fått nye spel med jamne mellomrom, har Capcom mange eigedomar som ikkje har vist livsteikn på mangfaldige år. Blant dei finn vi Dino Crisis og Onimusha.

Dino Crisis var ein Resident Evil-inspirert serie som byta ut zombier med dinosaurar. Onimusha slekta opprinneleg òg på Resident Evil, men handla om samuraiar i kamp mot demonar.

Det har no gått ti år sidan førre spel i Dino Crisis-serien, og åtte år sidan vi sist fekk leike oss i Onimusha-verda. Det ser likevel ikkje ut til å vere lenge nok, skal vi tru eit intervju Videogamer har gjort med Resident Evil: Revelations-produsent Masachika Kawata, som tidlegare har jobba på begge seriane. I intervjuet kjem han med følgjande nedslåande kommentar

«Capcom har aldri vore fjerne frå å henta fram eldre seriar til nye generasjonar, men akkurat no er det viktigare for oss å skape nye konsept.».

I ei verd prega av svært mange oppfølgjarar har Capcom med jamne mellomrom levert heilt nye idear. Ein av desse er fjorårets Dragon's Dogma. I dette opne rollespelet får du kjempe mot alt frå sinte bandittar, til massive beist som drakar og kyklopsar. Ved sidan av denne perla, har Capcom i løpet av denne konsollgenerasjonen kome med nye seriar som zombiemassakreserien Dead Rising og actionserien Lost Planet.

Capcom meiner altså ikkje tida er moden for nye Onimusha- og Dino Crisis-spel. Om revitaliseringa av Jurassis Park-serien neste år blir ein kassasuksess, skal vi derimot ikkje sjå bort frå at i alle fall halvparten av den pipa får ein annan lyd.

Les også: – Ikke utenkelig å gi Resident Evil en omstart
Les også: Zombiespel frå Capcom-legende

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen