Indiespel får drahjelp frå legendariske komponistar

Eventyrspelet Oceanhorn får musikk frå Final Fantasy- og Secret of Mana-komponistane.

Oceanhorn: Monster of Uncharted Seas er eit eventyrspel frå det finske indiestudioet Cornfox & Bros som vil bli lansert på iPad. I spelet tek du på deg rolla som ein liten gut som må leggje ut på eit stort eventyr for å ta knekken på ein enorm slange som gjer livet surt for nokon og ein kvar. Dei største inspirasjonskjeldene for spelet er klassiske seriar som Final Fantasy, Secret of Mana og ikkje minst The Legend of Zelda.

No har Cornfox & Bros gjort eit skikkeleg kupp. Dei har no klart å sikra seg hjelp frå to av japans mest respekterte komponistar; Final Fantasy-legenda Nobuo Uematsu og Secret of Mana-komponist Kenji Ito.

Utviklarane har henta litt inspirasjon frå Wind Waker. Berre litt.
Utviklarane har henta litt inspirasjon frå Wind Waker. Berre litt.

Hyra inn via mail

Dei to komponistane blei i følgje Kotaku hyra inn ved at utgjevaren til Oceanhorn sende ein oversett email samt ein bunke skjermbilete til musikarane. Dette var tydelegvis alt som skulle til for å overbevise dei om å bidra med musikk til spelet.

Oceanhorn-utviklarane er tilsynelatande frå seg av glede, og skriv blant anna dette på bloggen sin:

«Krafta bak musikken til Uematsu og Ito sine komposisjonar er utruleg. Musikken deira vil gje oss nye måtar å nå hjarta til spelarane på. Det er heilt ufatteleg at ein liten utviklar som oss får sjansen til å jobbe med slike legender. Saman med dei beste spelmusikkomponistane i verda vil vi gjere Oceanhorn til ei reise du aldri vil gløyme.»

Uematsu og Ito vil ikkje komponere all musikken, sidan Cornfox & Bros allereie har nokre komponistar som har gjort ein solid innsats på den fronten.

Oceanhorn: Monster of Uncharted Seas er under utvikling for iPad. Spelet har enno ikkje fått lanseringsdato.

Les også: Final Fantasy-komponist lagar barnebok
Les også: Anmeldelse: Theatrhythm Final Fantasy

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen