Indiestudio delte ut spelnøklar til piratar

This War of Mine-utviklarane går uortodokse vegar for å nå ut til spelarane.

At spelutviklarar og utgjevarar stadig prøvar ut nye vegar for å dempe piratkopiering er ikkje noko nytt. Om det er krav om å alltid vere på nett, strenge kopisperrer, eller manglande funksjonar, dukkar det stadig opp nye triks for å få folk til å betale for underhaldninga si.

Noko vi sjeldan ser, er utviklarar som går direkte til kjelda for piratkopiane, og rekker ut handa til dei som leitar etter spel utanom butikkane. Det er likevel nett det 11 bit studios, utviklarane bak krigsspelet This War of Mine har gjort.

I dialog med piratane

11 bit studios delte ut Steam-kodar til piratane.
11 bit studios delte ut Steam-kodar til piratane.

Karol Zajaczkowski frå 11 bit studios har valt å gå til venleg dialog med brukarane av ei av verdas største piratnettsider, og delte like så godt ut ti Steam-kodar til dei som av ulike årsaker ikkje skulle ha betalt, samt ei oppmoding om å fortelje andre om spelet om det skulle falle i smak. I innlegget Karol Zajaczkowski har skrive har ho følgjande melding til spelarane:

«Vi er veldig glade for å høyre at de likar spelet vårt. Det beviser at det var verdt å bruke to år av liva våre på det. Eg vil gjerne takke alle som vel å støtte oss ved å kjøpe spelet. Det vil la oss utvikle This War of Mine vidare, og lage enda betre spel i framtida», fortel ho, og held fram:

This War Of Mine byr på ei anna side av krigen enn vi vanlegvis ser i spel.
This War Of Mine byr på ei anna side av krigen enn vi vanlegvis ser i spel.

«Om du av ein eller annan grunn ikkje kan kjøpe spelet er det heilt greit. Vi forstår korleis livet er, og vi veit at nokre gongar er det ikkje mogleg å betale.»

Innlegget frå 11 bit studios blei umiddelbart møtt med kommentarar frå folk som valde å kjøpe spelet i staden for å laste ned, folk som laga kontoar berre for å takke 11 bit studios, samt folk som hevda dei endra sitt syn på piratkopiering.

This War of Mine er eit krigsspel noko utanom det vanlege. I staden for å ta på deg rolla som ein standhaftig soldat skal du hjelpe eit knippe overlevande med å handtere ein vanskeleg kvardag. Harde val må gjerast, og i dei tilfeldig samansette miljøa får du byggje di eiga historie, og kan vere så slem eller snill som du sjølv vil.

Vi har ikkje vurdert spelet enno, men Espen var svært positiv i sin sniktitt.

 

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen