Indiestudio kaprar stjernekomponist

Rollespelet Edge of Eternity får musikk signert Chrono Trigger-komponist.

Edge of Eternity er eit komande rollespel i japansk stil frå det franske indiestudioet Midgar Studios. Spelet hentar mykje inspirasjon frå klassiske japanske rollespel, men i ein marknad der færre og færre japanske rollespel når heimekonsollar har dei eit håp om å spytte nytt liv inn i sjangeren.

15. februar vil dei lansere ein Kickstarter-kampanje for å finansiert spelet sitt. Dette blir ikkje første gong Edge of Eternity dukkar opp på Kickstarter. Hausten 2013 prøvde Midgar Studios lukka med folkefinansiering, men hadde ikkje hellet med seg, og enda opp med å avbryte kampanjen.

Sidan den gong har teamet likevel halde fram arbeidet med spelet, og dei har til og med klart å hyre inn ein av den japanske rollespelverdas aller største stjerner til å komponere musikk i spelet. Går Kickstarter-kampanjen bra nok, vil Chrono Trigger- og Shadow Hearts-komponist Yasunori Mitsuda bidra med musikk til spelet.

Spelbar demo på veg

Midgar Studios er godt på veg til å lage eit stemningsfullt spel.
Midgar Studios er godt på veg til å lage eit stemningsfullt spel.

Rollespel kan vere svært omfattande produksjonar, og for å bevise kva dei er gode for, vil Midgar Studios gjere ein demo av spelet tilgjengeleg når Kickstarter-kampanjen startar.

Som i mange japanske rollespel vil du i Edge of Eternity møte ei verd i stor fare. Ein utanomjordisk rase har landa på planeten, og har slept laus eit virus som gjer menneske og dyr om til mekaniske beist. I rolla som blant andre den unge Daryon må du ta på deg ansvaret for å redde verda frå undergang.

For eit innblikk i kva Edge of Eternity har å by på, kan du ta ein kikk på videoen nedanfor. Spelet er planlagt for Windows, Mac, Linux, PlayStation 4 og Xbox One.

Den siste tida har fleire japanske rollespel fått liv gjennom folkefinansiering. For litt over eit år sidan Final Fantasy Tactics-regissørens Unsung Story finansiert. Seinare på året fekk nordmenna i SnowCastle Games suksess med sitt JRPG-inspirerte spel Earthlock: Festival of Magic.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen