Infinity Blade: Dungeons er skrinlagt

Etter nedlegginga av utviklarane sa produksjonen stopp.

Sidan lanseringa i 2010 sette Infinity Blade frå Chair Entertainment og Epic Games ein ny standard for grafiske prestasjonar på mobilspel. Spelet som blei bygd på Unreal Engine 3sendte oss inn i ei fantasy-verd der vi ved å sveipe over skjermen gjekk til åtak på fiendane.

Ein oppfølgjar har vi allereie fått, men Epic Games ville ikkje slutte der. Etter å ha starta opp Impossible Studios i fjor, ved å hyre inn dei tidlegare utviklarane frå konkursramma 38 Games, blei det ferske studioet sett i gong med å skape Diablo-inspirerte Infinity Blade: Dungeons.

Infinity Blade 2 på iOS.
Infinity Blade 2 på iOS.

Kort levetid

Tidlegare i år blei det klart at Impossible Studios levde opp til namnet sitt. Under eit år etter at Epic Games starta studioet, blei det lagt ned, og Infinity Blade: Dunegons blei lagt på is.

I ein Epic Games-podkast har vi no omsider fått den endelege stadfestinga på kva statusen er for Infinity Blade: Dungeons. Der fortel Chair Entertainment-sjef Donald Mustard at Ininity Blade: Dungeons er heit skrinlagt, men legg likevel til følgjande:

«Vi har fleire planar for Infinity Blade-universet. Fleire spel, fleire bøker og kanskje enda fleire produkt, og vi er svært oppglødde over det.»

Infinity Blade-serien døydde altså ikkje saman med Dungeons, men kva som vil skje vidare vil berre tida vise.

Les også: Månedens anbefalte mobilspill
Les også: Anmeldelse: Kingdoms of Amalur: Reckoning

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen