Ingen Nintendo Switch-kunngjeringar før neste år

Om du lurer på kor kraftig Nintendos nye konsoll er, eller kva spel som kjem, må du vente.

Etter ein kort avsløringsvideo torsdag ettermiddag, er det garantert mange som ventar i spaning på fleire konkrete detaljar om Nintendos nye Switch-konsoll. Om vi skal tru Wall Street Journal-journalist Takashi Mochizuki kan den ventetida bli lang. I ei twittermelding fortel han at Nintendo har fortalt dei ikkje har planar om å kome med meir Nintendo Switch-informasjon før neste år.

I praksis betyr det at vi ikkje får vite meir frå Nintendo om kva spel som dukkar opp, eller kva maskina er i stand til å yte reint teknisk. Ei heller om konsollen vil bli regionlåst.

Om dette betyr at andre utviklarar har fått munnkorg vitast ikkje, men det er godt mogleg fleire avsløringar kan kome frå andre hald.

Portabel heimekonsoll

Nintendo Switch kan koplast til TV-skjermen.
Nintendo

Nintendo Switch er Nintendos nye konsoll. Avsløringsvideoen til Nintendo stadfesta dei fleste av rykta som har svirra rundt konsollen i lengre tid. Switch blir ein heimekonsoll du kan ta med deg på tur.

Konsollen i seg sjølv er ikkje stort større enn eit lite nettbrett, og om du vil spele i heimen pluggar du den inn i ein basestasjon. Skal du ha den med deg på tur, koplar du eit par kontrollardelar på kvar side av maskineriet.

Vi veit at Nintendo Switch køyrer på ei spesialbygd Tegra-brikke frå Nvidia.

Kva spel som kjem til konsollen er ikkje blitt stadfesta enno, men ut av avsløringsvideoen er det tydeleg at Mario, Zelda, Mario Kart, Splatoon og ikkje minst Skyrim er på veg til maskina.

Det siste av dei store spørsmåla no er når maskina vil kome i sal. Nintendo har låst seg til lansering i mars 2017, men nøyaktig dato, og kva spel som vil vere tilgjengelege frå dag ein ser det ut til at vi må vente til over nyttår for å få vite meir om.

Siste fra forsiden