Injustice: Gods Among Us har fått dato

Snart kan du finne ut kven som er tøffast av Batman og Superman.

Ein naturleg konsekvens av å byggje opp store univers fulle av heltar i alle tenkjelege former og fasongar, er at dei på eitt eller anna tidspunkt blir samanlikna med kvarandre. Kven er eigentleg den barskaste, sterkaste og mest livsfarlege helten av dei alle?

I så måte skal det godt gjerast å måle seg med heltegjengen vi finn i katalogen til DC Comics. Her møter vi alt frå Superman og Batman til The Joker og Wonder Woman. Dette har DC Comics og Warner Bros. innsett, og etter at arbeidet med det førre spelet i Mortal Kombat-serien var ferdig, sette dei NetherRealm Studios i gong med å lage eit slåssespel der DC-heltane møter kvarandre.

Catwoman er sjølvsagt på plass.
Catwoman er sjølvsagt på plass.

Dette er ikkje første gong Mortal Kombat-utviklarane har møtt superheltar. Fleire av utviklarane hos NeatherRealm jobba tidlegare hos Midway. Originalt var det Midway som skapte Mortal Kombat-serien, og eitt av dei spela var Mortal Kombat Vs. DC Universe. Der møtte dei brutale krigarane frå Mortal Kombat-universet diverse superheltar.

Denne gong er det derimot berre heltar frå DC-universet vi møter, utan at det betyr dei vil gå stille i gangane av den grunn. Vi blir kasta inn i ei verd der skiljet mellom det gode og det vonde har blitt viska ut, og både heltar og skurkar møter kvarandre til kamp.

No har vi endeleg fått ein nøyaktig dato på spelet. I ei pressemedling skriv Warner Bros. at vi kan banke kvarandre gule og blå med superkrefter 19. april på PlayStation 3, Xbox 360 og Wii U. Du har med andre ord framleis nokre månader å varme opp tomlane på.

Les også: Anmeldelse: Dead or Alive 5
Les også: Nedgangstid for slåssespela

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen