Insektstorm i januar

Er du klar til å redde verda i Earth Defense Force 2017 Portable?

Enden er nær! Du trudde kanskje det er i morgon det skjer, men då tok du feil. Du kan utsetje utagering og den siste festen i ditt liv til 15. januar, for 16. januar bryt infernoet laus sidan Earth Defense Force 2017 Portable lanserast for PS Vita, får vi dag noko sørgmodig vite via ei pressemelding.

Earth Defense Force 2017 Portable er ein finpussa versjon av eitt av dei aller beste spela som nokon gong er laga. Xbox 360-eksklusive Earth Defense Force 2017 demonstrerte for omlag fem år sidan at det enkle ofte er det beste. I noko og femti oppdrag fekk du ved hjelp av uhyre enkle kontrollar skyte tusenvis av enorme insekt og robotar i store område der absolutt alt kunne øydeleggjast.

Ein mot alle, alle mot ein.

I PS Vita-versjonen får vi alt vi fekk i Xbox 360-versjonen, men samtidig nokre nye ting på kjøpet. Favoritten Pale Wing frå tidlegare Earth Defense Force-spel blir igjen ein spelbar figur, og der du i Xbox 360-versjonen berre kunne dele moroa med andre via ein delt skjerm, kan fire spelarar no spela saman eller mot kvarandre over interveven.

Dette er ikkje alt Earth Defense Force-utviklarane hos japanske Sandlot har å by på i 2013. For nokre månader kunngjorde dei Earth Defense Force 4, eit spel som vil få ende større fokus på fleirspelarkomponenten enn sine forgjengarar.

Les også: Insektene angriper PC Les også: Samarbeid mot insektene

Siste fra forsiden