Intervju

Massivt intervju med Conan-sjefen

Mykje nytt i Hyboria

Vi har møtt Craig Morrison for å finne ut kvar den barbariske verda tek vegen.

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Holdningane har endra seg

– Funcom har halde på ei stund no med å legge til innhald, har det hatt noko effekt på spelarane, og kor mange det er av dei?

– Vi ser endringar. Du treng berre lese på foruma for å sjå ei endring i haldningane ovanfor spelet, og den er ganske stor samanlikna med for nokre månader sidan. Eg kan sitje her og snakke til deg om kor fantastisk alt er, og kor flotte alle endringane vi har gjort er, men sanninga er at det er spelarane det kjem an på. Det spelar inga rolle kva eg seier, men vi ser definitivt ei endring i spelarane si haldning. Dei ser endringane, og dei merkar at det er meir moro no. Det er sjølvsagt ei utfordring, sidan spelarane heile tida vil ha meir.

– I tillegg har vi prøveversjonar av spelet ute no, og det er ikkje noko vi ville ha gjort om vi ikkje var sikre på at vi hadde noko å tilby. Vi ville ikkje ha tilbydd spelet til folk, og opna det opp for fleire spelarar om vi ikkje var trygge på at vi har gjort nok endringar, og fiksa på nok problem til at spelet vil vere verdt tida deira.

– Korleis er spelarmassen no? Har de fått nye spelarar etter endringane?

– Det har eg ikkje lov til å seie noko om, vi er eit børsnotert selskap, og kan ikkje alltid gå ut med slik info.

– Men Funcom gav ut informasjon i fjor, kva er grunnen til at vi ikkje får høyre noko no?

– Vi har ikkje alltid gitt ut informasjon, vi har til dømes ikkje alltid sagt noko om kor mange spelarar Anarchy Online har hatt dei siste fire-fem åra. Det vi har sagt, er at vi ser ei positiv endring. Spelarane har ei betre innstilling no, og det er det einaste som betyr noko for meg. I vår sjanger handlar alt om kva vener seier til kvarandre. Om ein spelar kosar seg med spelet, vil han anbefale det til venene sine, men om han mislikar det, vil han be dei styre unna. Den kommunikasjonen mellom spelarane er heilt vital. Samtidig betyr det jo ingenting kva eg seier, det einaste som betyr noko, er kva venen din svarar når du spør han om spelet er bra.

– Er du glad for endringane i spelet, og endringane i haldningane på forumet?

– Ja, absolutt. Det er alltid godt å sjå at det du gjer blir sett pris på. Samtidig trur eg det er godt for teamet, for når ein går gjennom ein vanskeleg periode etter lansering av eit spel, er det hardt for dei som har jobba med spelet. Dei putta blod, sveitte og tårer inn i å lage denne verda. Når ein ser at folk har negative reaksjonar på det ein har brukt så mykje tid på, er det klart ein blir såra, så det er veldig hyggeleg å sjå at spelarane no set pris på innsatsen vår. Det er samtidig godt for teamet sidan dei heller ikkje veit noko om spelartala.

Totalrenovering

– Kva med det nye gem-systemet? Kan du fortelje litt om det?

– Eg kan prøve. Det kjem ein stor artikkel veldig snart som forklarar alt i detalj. Systemet er veldig forandra, og vi vil gi spelarane spesifikke val. Steinane er no grupperte i fargar, og du kan ikkje lenger putte den same steinen i alle rom lenger. Dette påtvingar litt meir variasjon i kvar spelarane kan leggje steinane. Ved å kunne leggje den steinen du ville kvar du ville, enda spelarane opp med å finne den steinen dei meinte var best, og så la dei den i alle romma. Målet var å gi spelarane total fridom, men resultatet blei det motsette. Spelarane trudde dei måtte bruke berre den «beste» steinen for å vere den beste.

– Vi har lagt inn nye reglar, og kvar stein passar berre i nokre gitte rom. Teorien er at dette vil gi spelarane reelle val. I staden for å bli låst til ein stein, vil dei sjå at dei har forskjellige rom for forskjellige typar, og vil i større grad sjå at fleire forskjellige steinar kan bli nyttige for den type karakter dei vel å lage.

– Vi har òg gjort det mogleg for spelarar å fjerne steinar, og øydeleggje steinar, slik at dei kan leggje inn nye om dei ikkje skulle vere nøgde med tidlegare val.

– Vi har færre steinar no, men dei betyr meir. Du kan skreddarsy spelet i retning av korleis du vil spele, medan det heile tidlegare har vore veldig sentrert rundt å berre gjere meir skade. No kan du omjustere steinane etter kva du vil gjere. Skal du sanke erfaring kan du leggje inn steinar som hjelper deg med det, eller om du skal kjempe mot andre spelarar, kan du justere i forhold til det. Eg trur det vil gi mykje større variasjon og val for spelarane, samtidig som det let dei lage mykje meir unike gjenstandar.

– Eit anna problem med at spelarane kunne leggje steinane akkurat der dei ville, var at bonusane var veldig små. Vi måtte tenkje på at spelarane kunne leggje den same steinen i alle rom, og det betydde at individuelt var bonusane veldig små frå steinane, noko som igjen førte til at dei ikkje var så meiningsfulle når dei blei kombinerte. Det enda igjen opp med at spelarane fekk inntrykket av at dei måtte leggje den same steinen i kvart rom. Med dei nye endringane vil dei verkeleg sjå utslaget på karakter-arket.

– Vi har i tillegg justert dei slik at utstyr med steinar kan vere like kraftige, eller kraftigare enn utstyr du får gjennom oppdrag. Dei vil ikkje bli kraftigare enn kva du får gjennom eit raid, sidan vi vil løne dei som brukar tid og krefter på dette.

Framtidsdraumar

– Korleis ser det MMO-spelet du helst kunne tenkt deg å spele ut?

– Haha, der er eit spørsmål eg kunne ha snakka heile dagen om. Det er eit veldig stort spørsmål, for eg trur teknologien endrar seg mykje framover. Det vi trur vi kan oppnå gjennom eit MMO er i stor endring, og snart vil teknologien ta igjen fantasien vår. Drømmen er nok eit spel som blir skapt gjennom spelarane sine handlingar. Det vil bli ufatteleg vanskeleg å balansere, om ikkje umogleg, men eg trur at når den kunstige intelligensen, og når teknologien til å endre ting på staden er der, vil MMO-spel endre seg fullstendig.

– Der er sjølvsagt mange problem med det. Kva om du får eit oppdrag og endar opp med å sprenge ei borg. Kva skal den neste gruppa som kjem dit gjere? Kvar er innhaldet? Dette er problema som man forsøkte å løyse med instansar, slik som i til dømes Everquest, Anarchy Online og World of Warcraft. Eg trur likevel at på eit eller anna punkt vil det dukke opp ein god design som tillet oss å løyse problemet. Ei interaktiv verd som det, er definitivt noko eg gjerne skulle hatt sjansen til å arbeide med.

– Ok, siste spørsmål: Kva er det beste med livet?

– Hahaha. Det beste er å ikkje ha jetlag. For meg, er den største løna å sjå at spelarane kosar seg med spelet. Eg veit det høyrest rart ut, men eg har alltid prøvd å minne teamet på kvifor vi gjer det vi gjer. Ja, vi er ei bedrift, og vi vil tene pengar, men til syvande og sist trur eg vi alle gjer dette for å gjere spelarane glade. Eg kan logge meg inn, gjere meg usynleg og følgje spelarane etter ei ny oppdatering. Det å sjå at dei kosar seg, at dei set pris på alt arbeidet vi har gjort. Det er alt for meg.

Vi får håpe Morrison har kome seg over jetlagen, og kan halde fram med å glede seg over positive tilbakemeldingar.

Diskuter artikkelen i forumet

1: Side 1
2: Side 2
3: Side 3

Siste fra forsiden