Intervju Tales of-serien

– Vi satsar eksklusivt på PlayStation 3 akkurat no

Tales of-sjefen Hideo Baba fortel oss om eksklusivitetsvalet, oppfølgjarar og fansen.

STOCKHOLM (Gamer.no): Produktplassering er viktig. Det er noko ein raskt merkar seg når ein har gjort eit par intervju med japanske spelutviklarar. Kor stort hotellrommet dei har reservert for dagen er, framstår som ganske irrelevant. Dei får alltid plass til minst ein, helst to, store vimplar på kvar side av sofaen til intervjuobjektet, og ei samling spel og andre produkt på bordet framfor. Det er viktig at vi ser kva denne personen har skapt.

Strengt tatt er slikt heilt unødig for vår del denne dagen. Vi veit godt kven Hideo Baba er. Han er sjefen for Tales-serien til Namco Bandai. Ein rollespelserie som i snart 20 år har gleda spelarar over heile verda med si blanding av sjangerkjær fantasy, dramatikk og solide doser humor.

Hideo Baba (Foto: Namco Bandai).
Hideo Baba (Foto: Namco Bandai).

Ferskt taktskifte

Dei siste par åra har det skjedd eit tydeleg skifte i korleis Tales-serien har blitt prioritert i Europa. Etter eit solid salsmagaplask med Tales of Vesperia på Xbox 360 i 2009 kunne det sjå ut til at Namco ikkje heilt visste kva dei skulle gjere med serien sin. Vi fekk ein nyversjon av Tales of the Abyss på 3DS og ein oppfølgjar til Tales of Symphonia på Wii. For fans av Tales-serien var det frustrerande, for å følgje serien kunne det sjå ut til at Namco meinte ein skulle ha alle plattformer under sola.

Hideo Baba medgår i at dette ikkje var eit sjakktrekk:

– Då vi lanserte Vesperia var strategien å gje ut spel på ulike plattformer som 360, Wii og 3DS. Målet var å utvide publikummet for serien, men vi fekk klare tilbakemeldingar frå fansen om at dei ville spele spela på berre ein konsoll. Vi merka oss at det største publikummet for spela våre var på PlayStation 3, så vi bestemte oss for å lansere nye titlane eksklusivt på den plattforma.

Baba snakkar med ei varm og mjuk stemme, og det er nesten som om han smiler med orda når han snakkar.

Det siste året har vi sett byrjinga på den nye given for Tales-serien i Europa. I fjor lanserte dei Tales of Graces f for PlayStation 3, heile tre år etter at originalversjonen blei lansert på Wii i Japan. I år blei 15-årsjubileumsspelet Tales of Xillia lansert i Europa, to år etter lanseringa i Japan.

Til neste år vil vi sjå to nye lanseringar i Europa. Tales of Xillia får følgje av oppfølgjaren Tales of Xillia t2, men før det lanserer dei Tales of Symphonia Chronicles der vi får HD-versjonar av Tales of Symphonia og Tales of Symphonia: Dawn of the new World for å feire at originalspelet er ti år gammalt.

– Tales of Symphonia er vår største suksess i Tales-serien. Sjølv om det har gått ti år sidan lanseringa er det framleis mange som elskar Tales of Symphonia, ikkje berre i Japan, men over heilt verda.Vi valde å lansere det for PlayStation 3 sidan det er der Tales-fansen er, og vi vil gi dei ein ny sjanse til å spelet det, fortel Baba.

Sjølv om Tales of Symphonia snart kjem til PlayStation 3 betyr ikkje det nødvendigvis at fleire eldre titlar vil gjere det same. Eit spel mange har håpa skulle få ein PlayStation 3-versjon er Tales of Vesperia. Sjølv om spelet fekk ein utvida PlayStation 3-versjon i Japan, dukka den aldri opp i vår del av verda. Baba forstår frustrasjonen til fansen:

– Eg veit at mange fans vil spele PlayStation 3-versjonen av Vesperia. Om det skulle bli mogleg vil eg sjølvsagt gjerne la dei gjere det. Prioriteten vår no er derimot å lage nye spel i serien, og lokalisere dei så raskt som mogleg slik at vestlege fans ikkje må vente i fleire år på kvart spel. Vi har verken tid eller mannskap nok til å gjere dette, og samtidig lokalisere eldre spel. Eg er lei for det, men vi har ikkje dei nødvendige ressursane.

 

Ikkje vent deg PlayStation 3-versjonen av Tales of Vesperia med det første.
Ikkje vent deg PlayStation 3-versjonen av Tales of Vesperia med det første. (Skjermbilde: Namco Bandai)

Kreativ drivkraft

Som ei av dei viktigaste kreative kreftene bak Tales-serien er det eit stort ansvar som fell på skuldrene til Baba, men for hans del handlar det meir om å sortere eit mylder av idear til nye spel, enn å gå på jakt etter dei:

– Eg kjem på nye idear heile tida, sjølv når eg er i full sving med eit anna spel. Hovudet mitt er konstant fullt av nye idear om kva det neste spelet burde vere. Det spelar inga rolle kva eg gjer på. Eg kan vere i ein taxi, eller på veg til eit fly. Berre i stad fortalde eg tolken min om idear til eit nytt spel, småler Baba.

Akkurat dette får meg inn på eit anna velkjent Tales-element, som i alle fall får underteikna til å le på jamnleg basis. Skit-systemet i serien byr på små dialogar utanfor den overhengande historia, og er ofte fullt av humor. Eg dreg fram Tales of Xillia som eit døme på dette, og då spesielt karakteren Teepo som har ein del bisarre utsagn om det meste. Både Baba og tolken hans ler godt når eg bringer fram denne karakteren:

– Teepo er har ei veldig viktig rolle i Tales of Xillia, fortel Baba, og held fram:

– Han er ein svært humoristisk karakter som bryt isen mellom karakterane.

Teepo frå Tales of Xillia er eit av mange humoristiske innslag i Tales-serien.
Teepo frå Tales of Xillia er eit av mange humoristiske innslag i Tales-serien. (Skjermbilde: Namco Bandai)

Ved sidan av å by på ein god latter i ny og ne, gir skits dei ulike Tales-spela varme, personlegheit og karakter. Det får fram sider ved persongalleriet som elles kanskje ikkje hadde kome fram, og for Baba er systemet svært viktig:

– Etter mi meining har skits ei veldig viktig rolle i spela våre. Systemet kan skildre personlegheitene til personane på eit veldig djupt nivå. Ting som at ein person er veldig glad i god kokkekunst kjem ikkje fram i hovudhistoria, men vi kan hente fram slike små detaljar med skits. Vi får fram interessante og ukjende sider ved karakterane som får spelarane til å bli meir glade i dei, seier han, og forklarar korleis dei går fram når dei skal lage desse sekvensane:

– Vi deler skits inn i tre hovudkategoriar. Den første er skits som formidlar subtil informasjon om verda og historia til verda. Den andre er å utvide personlegheitene til personane, den tredje er humor. Når vi planlegg detaljane i skitsane må vi først finne ut kor mange skits spelet treng i kvar kategori. Deretter går vi i gong med å finne på idear til kva vi kan fortelje i dei.

Oppfølgjar på veg

I løpet av 2014 lanserer Namco Tales of Xillia 2. Dette er ikkje den første direkte oppfølgjaren i serien, men det er første gong Tales-studioet har bestemt seg for å lage ein oppfølgjar umiddelbart etter å ha gjort seg ferdige med eit nytt spel i serien. Til samanlikning tok det fem år frå lanseringa av Tales of Symphonia, til oppfølgjaren Dawn of the New World dukka opp.

– For å vere ærleg hadde vi ingen planar om å lage ein oppfølgjar då vi laga Tales of Xillia. Tales of Xillia var spelet som markerte 15-årsjubileet til serien, og vi laga ei veldig omfattande verd med mykje bakgrunn og historie. Vi enda berre opp med å utforske halvparten av dette i spelet. Vi ville ta i bruk resten av denne verda, så vi enda opp med å lage ein oppfølgjar, fortel Baba.

Tales of Xillia byr på to separate verder.
Tales of Xillia byr på to separate verder. (Skjermbilde: Namco Bandai)

Universet i Tales of Xillia er samansett av to verder. Det meste av tida i spelet vil bli brukt i Rieze Maxia, medan du seinare reiser til ei anna verd; Elympios. I Tales of Xillia 2 vil det bli omvendt, og det meste av tida vil bli brukt i Elympios. Historia og presentasjonen i Tales of Xillia var tidvis av ein mørkare natur enn dei fargerike verdene tidlegare spel i serien har bydd på. Eit ledd i dette var ein ny grafisk stil som droppa cell shading-teknikken har brukt før, til fordel for ein stil som ser hakket meir moden og handteikna ut. Baba, meiner derimot ikkje at dette bør sjåast som ei ny retning for serien.

– Den alvorlege og mørke atmosfæren i Tales of Xillia er eigentleg eit unntak. I framtidige titlar vil eg ta vare på den lysare fantasystemninga med sverd og magi som strengt tatt er svært grunnleggjande for serien.

Homogen fanskare

Avslutningsvis spør eg Baba om han merkar seg nokre markante forskjellar mellom Tales-fans i Japan og vesten, og om dei ulike grupperingar favoriserer ulike element og personar frå serien.

– Det er interessant. Eg har reist rundt om kring i verda på forskjellige arrangement for å promotere serien, og eg har oppdaga at Tales-fans i både Japan og resten av verda er veldig like, og ikkje minst ser veldig like ut. Dei likar dei same spela, filmane og teikneseriane. Vi finn Tales-fans i alle aldersgrupper, men den mest ihugga fansen er svært like i både Japan og vesten, seier han og held fram:

– Til dømes har både gutar og jenter sekkar og klesplagg med animekarakterar på, noko som er ei veldig japansk greie.

– Eg veit at vestlege heltar nesten alltid er maskuline og sterke som Spider-Man og Supermann. I Japan er helten ofte ung og umoden, men historia fortel korleis ein tenkjer, føler og veks, noko eg trur Tales-fan likar desse historiene veldig godt.

Namco kunngjorde nyleg Tales of Zestiria, det neste spelet i serien. Spelet har allereie fått stadfesta lansering i Europa. Når den vil finne stad må vi likevel smørje oss med litt tolmod for å få vite.

Tales of Xillia PS3

Tales of Vesperia

Tales of Graces f PS3

Tales of Xillia 2 PS3

Tales of Symphonia Chronicles PS3

Tales of Xillia PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 9. august 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco

Tales of Vesperia

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform:
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco Bandai

Tales of Graces f PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 31. august 2012
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco

Tales of Xillia 2 PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. august 2014
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco

Beste priser

Ikke på lager 499,- Til butikk
Forventet lagerdato 535,- Til butikk

Tales of Symphonia Chronicles PS3 PS3

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2013
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Namco Bandai
  • Utvikler: Namco

Beste priser

På lager 179,- Til butikk
På lager 249,- Til butikk
På lager 298,- Til butikk

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen