Intervju

– Vi fokuserer på det som gjer Lost Planet unikt

Vi har snakka med Lost Planet 3-produsenten.

LOS ANGELES (Gamer.no): I slutten av august er det atter ein gong på tide å returnere til den isklade planeten E.D.N. III. Sjølv om det har gått litt opp og ned for Capcoms actionserie, har dei store håp for det tredje spelet i serien. Med Lost Planet 3 held Capcom fram tradisjonen med å hyre inn vestlege utviklarar for å ta hand om grovarbeidet. Denne gong falt valet på Spark Unlimited, men det betyr ikkje at amerikanarane får heilt frie tøyler.

Andrew Szymanski frå Capcom. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

– Det er ein dynamisk prosess, fortel produsent Andrew Szymanski frå Capcom på spørsmål om korleis det er å arbeide med ein ekstern utviklar.

– Det er eigentleg ei tovegsgate. Spark kjem til oss med mange idear, og etter mykje diskusjon fram og tilbake bestemmer vi oss for om vi skal ha dei med i spelet. Det er ikkje slik at vi fortel dei kva dei skal gjere, eller at dei gjer som dei vil. Alle avgjersler blir gjorde etter grundigde samtaler.

Valet på Spark Unlimited kom etter at Lost Planet-sjefen Kenji Oguro og Andrew Szymanski hadde snakka om kva dei skule gjere i det tredje spelet. Oguro ville gå tilbake til dei originale konsepta for det første spelet. Dei handla om utforsking og å overleve i ei farleg verd. Eit av dei første måla deira blei å lage eit filmatisk spel med fokus på karakterane.

– Etter mange samtaler både med kvarandre og forskjellige utviklarar bestemte vi oss for å gå for ein vestleg utviklar. Ikkje berre for å gi dei frite tøyler, men for å lage eit skikkeleg samarbeidsprosjekt der det japanske teamet lagar det grunnleggjande fundamentet, medan Spark ville fylle det ut med.

Nye perspektiv

Ei av dei endringane Lost Planet-fans først la merke til var endringa av synsvinkel, ei endring Szymanski hevdar dei hadde ange gode grunnar for å gjere:

– Vi gjorde denne endringa både for å gjere spelet meir spelbart, men og for å gjere fiendane lettare å sjå. Eit problem med tidlegare spel er at kameraet var så langt borte at enorme fiendar ikkje såg så veldig store ut. Dette eskalerte i Lost Planet 2 der vi laga fiendar som fylte heile skjermen bere for at dei skulle sjå store ut.

– Noko eg likar svært godt med Lost Planet 3 er at vi framleis har svære fiendar. Sjølv om dei ikkje er like store som fiendane i Lost Planet 3, er dei minst like fryktinngytande fordi du kjem nærare dei og dei såleis er rett oppe i andletet ditt.

Jim Peyton er hardtarbeidande familiefar, ikkje superhelt.

Eit anna grep som blei gjort for at du verkeleg skal forstår storleiken på ting, er at du no ser alt frå førsteperson når du set deg inn i ein Vital Suit; robotriggen som hovudpersonen Jim Peyton brukar for å utføre nokre av dei meir krevjande oppgåvene spelet byr på.

– Om du går tilbake til dei to første spela vil du leggje merke til at om du set deg i ein rigg, så ser den eigentleg ikkje så stor ut fordi kameraet trekk seg tilbake. Storleiken på desse maskineria merkast ikkje så godt sidan ein person og ei maskin vil ta opp omtrent like stor plass på skjermen, og du får eigentleg ikkje kjensla av å vere i eit massivt køyrety.

– Ved å putte deg i førsteperson vil vi at du skal få eit veldig klart inntrykk av kor høgt oppe du er og kor stor maskina er.

Les også
Anmeldelse: Lost Planet 3

Eit meir jordnært eventyr

I dei to føreståande Lost Planet-spela har vi møtt ein del etter forholda eksentriske og ekstravagante personar. I Lost Planet 3 har dette endra seg ein heil del. Frå det umiddelbart gjenkjennelege japanske uttrykket frå dei tidlegare spela, møter vi no ein mykje meir jordnær hovudperson som berre vil forsørgje familien sin. Denne endringa er tydeleg, men Szymanski fortel at dei likevel vil få dei tre spela til å hengje saman på fornuftig vis.

– Vi har prøvd å lage meir truverdige karakterar som du faktisk kan tru på. I spelet møter du ei fleirkulturell gruppe menneske som alle jobbar saman for å kolonisere ein planet.

Capcom og Spark vil du skal forstå at Jim er ganske aleine i ei farleg isverd.

– Dei tre spela i serien vil bli fletta saman gjennom historia og gjennom personar som har innverknad på den. Til dømes møter Jim mekanikaren Gale når han kjem til planeten E.D.N. III. Nokre spelarar vil kanskje hugse at Gale er faren til Wayne som var hovudpersonen i det første spelet. I dette spelet får du historia om kva som skjedde då Gale var ung, og korleis han var som person.

– Eit anna element er historia om termisk energi. I byrjinga av Lost Planet 1 var alt dette forklart, men korleis blei den oppdaga, korleis blei den innhausta og brukt? Alle desse tinga eksisterer i universet, men vi har aldri vist dei i spela. Samtidig får vi i Lost Planet 1 vite at Wayne er ein snøpirat som kjempar mot Nevec, men vi veit ikkje kven snøpiratane er eller kvifor dei kjempar mot Nevec. Vi introduserte alle desse konsepta som aldri har fått solid forklaring.

Med Lost Planet 3 vil Capcom forklare bakgrunnen til desse konsepta, og korleis ei blei til.

Isplaneten opnar seg opp

Dei to føreståande Lost Planet-spela var svært ulike. Lost Planet var eit einsamt eventyr om Wayne og utfordringane hans, medan Lost Planet 2 ikkje hadde nokon bestemde hovudpersonar. I staden fokuserte oppfølgjaren på eit viktig fleirspelarelement der du saman med opp til tre andre spelarar skulle leggje ut på tur saman. Spela hadde likevel nokre viktige element til felles. Blant desse fann vi strukturen. Dei reiste til eit nytt område, utforska det, tok knekken på sjefen, og hoppa deretter vidare til eit nytt nivå. Lost Plant 3 vil i følgje Szymanski gjere drastiske endringar på denne oppbygginga:

– I Lost Planet 3 byr vi på ein heilt anna oppdragsstruktur. Du vil få essensielle oppdrag som må løysast for at du skal kome deg vidare, men vi vil òg by på valfrie oppdrag du kan gjere for å få tak i nye våpen eller meir energi for å oppgradere dei du har.

Alle våpen har ei oppgradering.

– i tillegg vil du kunne utforske verda i mykje friare grad. Du blir ikkje tvinga til å gå i berre ei retning, men kan finne nye område du kan gå fram og tilbake mellom. Etter kvart som du spelar vil du få tilgang på nye ting som ein drill til riggen, og gripekroken frå dei tidlegare spela. Med desse verktya kan du nå nye område og termisk energi som ikkje var tilgjengelege før. I tillegg til dette kan du samle inn loggar og slikt for å få vite meir om verda.

Ein god grunn for å samle så mykje termisk energi du berre kan er at Lost Planet 3 let deg oppgradere utstyr. Til dømes kan du få større magasin til ei automatrifle, eller kikertsikte til ei rifle.

Nye fleirspelarelement

Fleirspelarsamfunnet for Lost Planet har vore svært solid heilt sidan starten. Lost Planet var det første skikkelege fleirspelarspelet til Capcom, og i følgje Szymanski tenkjer mange spelarar først og fremst på fleirspelar når dei tenkjer på Lost Planet. Dette er noko Capcom tek seriøst, og vil vidareutvikle iLost Planet 3:

– Det har vore viktig for oss å ta vare på dei tinga som differensierer Lost Planet frå andre spel. Det inkluderer Vital Suits og akrid som kan dukke opp på karta. Dette er noko av det som verkeleg gjer Lost Planet unikt. Om du spelar ein deathmatch-kamp som brått blir forstyrra av akrid, må du skifte fokus for å handtere den nye situasjonen. På toppen av dette kan det brått oppstå snøstormar som gjer sikta dårleg.

– Vi fokuserer hakket meir på skytemekanikkane denne gongen, men du vil framleis kunne bruke ting som gripekroken for å kjapt klatre opp til høgre platå.

Vital Suit blir eit livsfarleg maskineri i fleirspelarmodusen.

Eit anna viktig element i fleirspelarmodusane til dei tidlegare Lost Planet-spela har vore robotriggane som ikkje berre var tilgjengelege medan du spela gjennom historia, men òg når du kasta deg ut i kampar på nettet. Dei vil i følgje Szymanski fungere om lag som før, og vil la deg kose deg litt med mitraljøse og rakattkastarar.

I arbeidet med å utvikle fleirspelarkonseptet fortel Szymanski at det har vore svært viktig at fleirspelarkampane kjennest som ein del av det totale Lost Planet-universet, i staden for å berre leggje til ein separat modus. Ein måte dei handterer dette på er ved å lage spesielle modusar, og Szymanski fortel ivrig om det han meiner er den mest unike modusen deira; Scenario Mode:

– Med Scenario Mode gir vi folk kampar der spelarane har eit oppdrag, men vi ville gjere noko annleis. Vi ville lage ein situasjon der du har ei historie som byggjer opp verda. Det kan til dømes vere ein kamp der Nevec kjempar mot både snøpiratar og akrid. Drep du akrid vil dei leggje frå seg termisk energi som du kan plukke opp. Denne energien vil derimot begge laga ha tak i, noko som fører til kampar både mot kvarandre og akrid, fortel han før han held fram:

– Vi har lagt inn forteljarstemmer spesialdesigna for kvart kart som kontinuerleg vil oppdatere kvart lag på framgangen deira. Desse forteljarane vil kommentere kva som skjer medan det skjer. Får du tak i eit flagg vil du få beskjed om å kome deg tilbake til basen, men om du mistar det får du verbal bank.

Lost Planet 3 kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows 30. august.

Siste fra forsiden