Intim skrekk i førsteperson

Bransjeveteranar vil skremme livskiten av deg i Outlast.

Om det du verkeleg tørstar etter er solid skrekk som får det til å renne kaldt nedover ryggen din, eller varmt nedover buksa, kunne det ha vore betre tider. Sjølv om vi har sett solide spel som Amnesia og Alan Wake, har ein del seriar som Dead Space og Resident Evil fått større og større fokus på action. Det kan sjå ut til at det handlar mest om å skyte skrømta framfor å overleve dei.

Det blir så visst ikkje tilfelle i Outlast, kan Kotaku fortelje. Dette spelet handlar om å overleve. Du er fanga i det som på godt norsk blir kalla eit dårehus. På meir moderne norsk er det ein institusjon der folk oppfatta som rimeleg koko blei «pleia» i eit håp om at dei skulle bli betre. Her blir du jaga av nettopp desse galningane. Utan at vi veit alt for mange detaljar heilt enno, ser det ut til at ditt sterkaste forsvar er å ta beina fatt.

Heile sulamitten skjer i førsteperson, og at vi spelar mot mentalt forstyrra folk med lysande auge bør by på eit passande avbrekk frå zombier, mutantar, og taggete tentakkelmonster frå det ytre rom.

Outlast blir koka i hop av Red Barrels, eit Montreal-basert studio beståande av bransjeveteranar frå store studio som Ubisoft og EA. På merittlista si har utviklarane blant anna kjende spelseriar som Assassin's Creed, Prince of Persia, Splinter Cell, Thief og Army of Two.

Outlast kjem i sal for PC ein gong i løpet av neste år. Den første rimeleg intense traileren kan du sjå nedanfor.

Les også: Anmeldelse: Resident Evil: Operation Raccoon City Les også: Alan Wake-studio i gang med nytt prosjekt

Første trailer frå Outlast.

Siste fra forsiden