Inversion utsett til juli

Gravitasjonsskytaren treng meir finpuss.

Det Gears of War-inspirerte skytespelet Inversion som etter planen skulle nå hyllene 8. juni har blitt utsett til ein gong i juli. PC-versjonen står så langt utan noko lanseringsvindauge. I dette spelet følgjer du eit knippe sinte menn med våpen. Som seg hør og bør slenger dei seg bak diverse dekningspunkt medan dei skyt enda sintare romvesen som gjerne vil ta over planeten.

Sjølv om mykje i Inversion kan minne om beistet til Epic Games, byr det òg på sine eigne vriar. Ein stor del av spelet går ut på å manipulere gravitasjonen. Ved å springe gjennom blå portalar kan du snu verda opp ned eller gjere veggar til golv.

Ikkje akkurat bakvendtland, men nært nok.
Ikkje akkurat bakvendtland, men nært nok.

Samtidig lovar utviklarane ein solid samarbeidsmodus, og ein kompetent, men tradisjonell fleirspelarmodus som gjer nytte av gravitasjonskreftene.

Vi har tidlegare sett spelet i aksjon, og då hadde Lasse Lervik dette å rapportere:

– Den avgrensa økta vi fekk prøve opplevdes på sett og vis som rodeoversjonen av Gears of War. Her spring ein frå dekning til dekning og forsøker å manøvrere eit styresett som framleis er veldig upolert. Kreative løysningar på visse utfordringar var definitivt kjærkomne, og når alt snuast på hovudet så får omgjevnadane ein ny dimensjon.

Saber Interactive har tidlegare stått bak spel som TimeShift og den solide nyversjonen av Halo: Combat Evolved som dukka opp i fjor haust.

Les også: Anmeldelse: Halo: Combat Evolved Anniversary

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen