Anmeldelse

Jade Empire

Om du blandar litt popkorn med mange gamle kung-fu-filmar, og krydrar med litt god fantasi, vil resultatet etter ei kort stund over høg varme bli omtrent noko sånt som Jade Empire.

Side 1
Side 2

Den siste tida har vi sett ei lang rekke svært etterlengta spel omsider dukke opp. Mange av dei har vore førehandsomtalt som om dei skulle snu opp ned på alt vi kjenner, og Jade Empire er ikkje noko unntak. Det typiske problemet for slike spel er at dei ofte landar med eit mageplask, og verkeleg ikkje lev opp til forventningane folk har sett seg. I det siste kan vi hardt konstatere at denne trenden ser ut til å ha snudd, i alle fall for ei stund. Omtrent alle dei store titlane har levert på alle fronta, og dei store nedturane har uteblitt. Kvar plasseras så dette Jade Empire? Først av alt vil eg poengtere at eg innerst inne er litt forelska i dette spelet. For det andre, Jade Empire er, om ein skal ta alt det vi har høyrt i betraktning, eit veldig skuffande produkt.

Det første som slår deg er kor ufatteleg uoriginalt det er. Du kan velje ein av mange karakterar, og du kan gi den eit namn. Du får også nokre få stakkarslege poeng til å "skreddarsy" karakteren, og nokre få val innan kampstil, men det er alt. Du kan velje om du vil vere ond eller god, noko som kan gi deg forskjellige sluttar, og spesielle oppdrag. Bortsett frå det er Jade Empire eit rimeleg lineært, og relativt kort rollespel, som lid av eit klassisk rollespel-syndrom. Har du spelt eit rollespel i ditt liv, kjem du til å gjenkjenne denne strofa: "Du er foreldrelaus, veit ikkje kven du er, og heimen din blir øydelagt". Nåvel, litt meir kunne dei vel ha gitt oss. I tillegg til å ikkje kjenne seg sjølv, vil du bli nødt til å konfrontere leigemordarar, demonar, og ein slem keisar.

Vi veit ikkje kven vi er Det er eigentleg ganske godt gjort av BioWare å få oss til å tru på denne verda. Du er ikkje den einaste som ikkje kjenner fortida di. Omtrent samtlege av dei følgesvenene du møter på, kjenner heller ikkje fortida si, eller vil berre ikkje snakke om den. Ein kan byrje å lure på kva som skjedde med mannen i gata, han eksisterar definitivt ikkje her. Likevel, Jade Empire er fortalt på eit vis som burde vere eit førebilde for alle andre som skulle finne på å vurdere å skrive si eiga historie. Det er eit univers fletta saman av alle dei klisjeane du kan finne frå gamle Hong Kong-filmar og Samurai-epos, og det fungerar heilt perfekt.

Samtidig er det alltid lett å finne bakgrunnsinformasjon om verda du er i. Frå pergamentrullar og bøker kan du lese om gamle krigar, og folk er glade i å snakke. Av og til kan det nesten bli for mykje av det gode. Folk har mykje på hjarte, og nesten ufrivillig ber du alltid om å få høyre meir. Det kan bli litt slitsamt, men på den andre sida dreg det deg inn i universet, og gjer deg interessert i å finne ut meir. Det er heller ikkje skadeleg at absolutt alle personane i spelet har si eiga stemme, og det er jamt over høg kvalitet på dei. Du finn riktignok nokre få karakterar som høyrest litt "feil" ut, men det er unntaket som bekreftar regelen, og ikkje noko ein bryr seg med.

Det er som regel mange alternativ til kva du skal seie til folk, og dei varierar mellom alt frå å vere snill, til å vere ein totalitær drittsekk. Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er kva, sidan det nokre gongar dukkar opp alternativ du ikkje heilt veit korleis du ville ha reagert på sjølv. Du får uansett stort sett sjå det på ansiktet til karakteren din om du er positiv eller negativ. Om du er slem vil karakteren din flekke tenner og spisse auga, og om du er riktig heldig får du sjå eit smil når du er snill. Desse ansiktsuttrykka burde eigentleg ha vore tydelegare, eller fullstendig fråværande. Nokre av dei spelbare karakterane har marginale forskjellar mellom uttrykka sine, medan det er lett å sjå på andre.

Kampstilar for ein kvar smak? Du har kanskje høyrt ein del om kampsystemet i Jade Empire, som for første gong introduserar eit kampsystem i full sanntid frå BioWare. Det er eit underhaldande og solid kampsystem som eigentleg overlet mykje til fantasien. Om du har sett filmar som Snikende Tiger, Skjult Drage, og forventar å få sjå noko slikt, tar du veldig feil. I visse filmsekvensar blir du faktisk lurt til å tru at det er slik, men det du får lov til å bidra med er ikkje fullt så spektakulært. Kampsystemet i Jade Empire baserar seg på forskjellige stilar, og moglegheita til å velje mellom dei midt i ein kamp. Eit god idè som eigentleg ikkje fungerar. Å skifte stil midt i ein kamp, kan vere livsfarleg om situasjonen er dramatisk. Du må halde inne D-paden for å skifte stil, noko som pausar spelet, men det er denne tida du må halde inne D-paden som skapar problem.

Det er forstyrrande, og hindrar deg i å ha full kontroll på det som skjer. Kampsystemet i seg sjølv er veldig enkelt, og det er ingen dramatiske forskjellar mellom stilane. Dei oppfører seg alle likt, men ser forskjellige ut, og gir forskjellig styrke i skade. Nokre av dei gir ikkje ein gong skade, men kan stele fokus eller Ki frå fiendane dine. Fokus og Ki, er i tillegg til helsa di, det du må sørge for å ha nok av til ei kvar tid. Brukar du våpen, mistar du fokus, og om du skal lege deg sjølv, mistar du Ki. Det er ein evig balanse som brått kan få dødelig utfall om du ikkje følger med. Stort sett trykker du berre på A og håpar på det beste. Alternativt kan du bruke kraftige angrep mot fiendar som blokkar, blokke sjølv, eller hoppe unna.

Dette er eigentleg essensen. Du angrip, blokkar, angrip, legar deg sjølv, og angrip igjen. Du kan gå inn i "fokus modus" for å få alt til å gå i sakte kino, men dette bør sparast til det er ingen anna utveg, sidan det slukar fokus. Det er også noko som heiter "Chi strike", som gir ekstra skade på angrepa dine, men dette er heller ikkje noko som gjer all verda med forskjell. Det er eigentleg eit veldig enkelt system, som det er lett å kome i gong med. Du kan velje å berre stå i ro og slå, og dette kan du kome unna med om du justerar vanskelegheitsgrada til det. Alternativt kan du bruke kontrolloppsettet for alt det er verdt. Ved å blokke, hoppe bak fienden, og slå på riktig tidspunkt, kan du verkeleg ha det moro.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden