Anmeldelse

Jak II: Renegade

Jak & Daxter var eit fargerikt plattformspel som beviste at ein utprøvd sjanger kunne fornyast. Store fargerike område, blanda med ein god porsjon humor, skapte eit etter kvart veldig populært spel. I Jak II har mange ting forandra seg. Områda er fortsatt store, men det er ikkje så lyst og fargerikt som før.

Side 1
Side 2
Side 3

Nye tilbehør
Jak IIs styrke ligg i den kort og godt enorme verda du kan bevege deg rundt i. Byen du bevegar deg rundt i er full av krikar og krokar, og sprudlar av liv. Byen fungerar på omtrent same måte som i Grand Theft Auto. Etter kvart møter du forskjellige karakterar som gjerne er ein del av undergrunnsbevegelsen. Dessverre fører størrelsen på byen med seg ein del problem. Oppdraga du får er bygd opp på ein slik måte at om du får oppdraget på ei side av byen, men må bevege deg heilt til andre sida for å få utført det. Tatt i betraktning at Jak bevegar seg like fort som ei skjelpadde, og at du må krasje minst tre-fire køyretøy før du kjem deg fram til målet ditt, viser svakheitene seg ganske fort. Sjansen er og stor for at irritable vakter på eit eller anna punkt vil blokkere vegen din. Om du kunne fått tilgang på nokre små portalar som kunne ta deg til neste oppdrag, hadde det vore fint. Seinare får du og tilgang på eit svevebrett, som forsåvidt er lettare å styre enn bilane. Du kan og gjere triks i Tony Hawk-stil om du skulle føle for det.

Noko nytt i Jak II i forhold til originalen er at du no kan bruke skytevåpen. Frå ein av undergrunnsmennene Jak møter på, får du etter kvart tilgang på våpen av forskjellige kaliber. Desse er alt frå halvautomatiske pistolar, til rifler med lasersikte. Ved å trykke på D-paden kan du velje våpen, og du skyter ved å trykke R1. Dessverre lider skytevåpena av dårleg sikte. Det kan av og til vere frustrerande vanskeleg å treffe fiendane. For å overkome dette problemet kan du øve på ei treningsbane, men det viser seg raskt at praksis i felten er noko heilt anna. Spesielt med lasersikte oppstår problema. Om fienden din er på god avstand, vil siktet automatisk fokusere på fienden, men kjem fiendane nærmare, eller i det heile tatt bevegar på seg, blir våpena så upresise at du like godt kan bruke rå muskelkraft. Ein smart funksjon då, er at våpenet blir automatisk ei lita stund om du tar eit rundspark. Kvifor du må sparke for å skyte meir enn eit skot om gongen har eg enda ikkje funne ut.

Ein siste, men gangske vital del av kvifor Jak er den han er akkurat no, bør kanskje nemnast. Som du kanskje fekk med deg tidlegare i omtala informerte eg om at Jak hadde blitt pumpa full av ein substans ved namn Dark Eco. I noko som godt kan samanliknast med både hulken og Dr. Jekyll og Mr. Hyde, kan Jak skifte ham, og bli eit lilla monster med djevelhorn. For å få til dette må du først fylle deg opp med nok Dark Eco. Noko som aldri burde bli eit problem sidan alle fiendar du drep legg frå seg nokre klumpar av dette når dei døyr. Merk at ingen du drep i byen etterlet seg den lilla substansen. Når du skiftar ham får Jak auka styrke og fart, noko som kan kome godt med i ulike situasjonar der det verkar som om motstanden blir overveldande.

Spektakulær grafikk
Det skal godt gjerast å finne eit spel som ser betre ut på PlayStation 2. Ei rekke oppdgraderingar i grafikkmotoren har blitt gjort sidan forrige gong, og tydelegast er animasjonane i ansikta til Jak, Daxter og andre karakterar du møter gjennom spelets gang. Desse er også ein viktig del av humoren i spelet. Til dømes blir du etter kvart kjend med ein person ved namn Krew. Han flyt rundt i sin lille flygestol, og flesket vaggar deretter. Mange detaljar i animasjonen skapar også ein god porsjon med velkomment liv. Når du kjem tilbake til overflata etter ein kort svømmetur, vil Jak tørke av seg vatnet. Møter du nokon som gir deg eit oppdrag, eller vidare informasjon, er uttrykka deira svært forseggjorte. Eit ansikt i Jak II oppfører seg slik ein forventar at eit ansikt skal oppføre seg. Noko som er heller uvanleg i dei fleste spel, der stive ansiktsanimasjonar er det mest vanlege.

Du har også veldig god sikt i Jak II. Kulissar og figurar som brått sprett fram i horisonten er ein ting som høyrer til fortida. Alt kjem gradvis til syne, utan så mykje som antydningar til treig framerate. Jak IIs aller største styrke ligg i grafikken, den er på alle måtar imponerande. Små detaljar skapar liv i alle krikar og krokar, og gir illusjonen av ei levande verd. Ekstra imponerande er filmsekvensane. Ansiktsanimasjonane og bruken av kameravinklar skapar ei stemning du skal sjå lenge etter for å finne makan til. Trass i alle dei frustrerande utinga du vil bli plaga med, set grafikken deg i ei stemning som kommanderar deg vidare. Om ikkje anna, berre for å sjå kva bisarr person du møter neste gong.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden