Anmeldelse

Jak II: Renegade

Jak & Daxter var eit fargerikt plattformspel som beviste at ein utprøvd sjanger kunne fornyast. Store fargerike område, blanda med ein god porsjon humor, skapte eit etter kvart veldig populært spel. I Jak II har mange ting forandra seg. Områda er fortsatt store, men det er ikkje så lyst og fargerikt som før.

Side 1
Side 2
Side 3

Truverdige karakterar
Naughty Dog har gjort ein veldig god jobb når dei skulle gi stemmer til alle karakterane i spelet. Det høyrest profesjonelt og truverdig ut. Daxter er meir irriterande enn morosam, men rollebesetninga ellers gjer ein ypperleg jobb. Til og med Jak snakkar denne gongen, og han høyrest akkurat like forbanna ut som han er. Dei fleste du møter i spelet er eigentleg svært sinte, noko som kanskje er forståeleg sidan dei bur i ein by styrt av ein hemningslaus tyrann. For å komplementere dei overbevisande stemmene, har Jak II også noko av den beste lip-syncen eg har sett dei siste åra.

Kjem du nærme nok vil du også legge mekre til at det er få ting som ikkje gir lyd frå seg. Lyden frå Jak som spring gjennom byen blandar seg med lyden frå ein øydelagd vannledning, og bilane som susar forbi. Alle bilane har også forskjellige lydar. Ein liten bil akselererar til ein høg lyd, medan dei større bilane har djupare tonar. Lydane bilane gir frå seg når dei krasjar varierar også avhengig av storleiken, noko som er bra sidan det er ein lyd du vil høyre ofte. I bakgrunnen av alt dette ligg musikken. Ingenting vi ikkje har høyrt før. Musikken er ikkje spesielt engasjerande, men den fungerar til ei viss grad. Sannsynlegheita er stor for at du ikkje vil merke at spelet i det heile tatt har musikk før du hamnar i ein kamp, og den musikalske intensiteten aukar.

Konklusjon
Jak II er kanskje ikkje verdens beste spel, langt der ifrå, men det skulle by på nok underhaldning for nokre timar. Om du nokonsinne kjem til å fullføre det, er eit anna spørsmål. I bunn og grunn er Jak II eit veldig bra spel som prøvar på litt for mykje. Med så mange forskjellige spelestilar blanda saman, merkar ein at det har gått på bekostning av spelbarheita. Det Jak II gjer best, er action-delen, der du faktisk gjer noko konstruktivt. I motsetning til å fly fram og tilbake i byen heile tida. Dette er likevel den delen som vi har sett mange gongar før, og vi veit Naughty Dog kan dette. Dei nye utfordringane kjem i form av dårleg gjennomførte nyheiter som bilkøyring og svevebrett. Dette er i hovudsak grunnen til at Jak II ikkje når til tops. Vi har sett det før, mange gonger, og dei spela inspirasjonen er henta frå, er mykje betre. Om du skal la ungane dine kapre bilar og skyte folk, er kanskje Jak II eit alternativ som vil vekke mindre harme, men likevel. Grand Theft Auto-serien gjer den jobben mykje betre.

Har du ikkje mykje imot litt vinglete køyretøy, og eit par irritasjonsmoment er eigentleg Jak II eit svært godt val. Det byr på ei god historie, godt skodespel, og mange timar med speling. Så lenge du ikkje må halde ein tidsfrist, eller fly gjennom byen, byr Jak II på like mykje moro som vi etter kvart har blitt vande med å få frå Naughty Dog. Det må jo og seiast ein siste gong at grafikken er nydeleg.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden