Japansk Kickstarter-suksess blir filmatisert

Keiji Inafunes Mighty no. 9 blir meir enn eit spel.

Japanske utviklarar har sakte, men sikkert oppdaga moglegheitene ved folkefinansiering. Blant dei første japanarane som kasta seg på Kickstarter fann vi Keiji Inafune, og hans Comcept-studio. Dei ville lage ein andeleg oppfølgjar til Mega Man – ein serie Inafune sjølv var med på å skape – og lukkast stort med det.

Inafune bad om 900 000 dollar for å få finansiert spelet, og enda inn med å bli ein av dei verkeleg store Kickstarter-suksessane. Ved kampanjens slutt hadde Inafune og teamet hans sanka inn over 3,8 millionar dollar.

Blir filmatisert

Korleis vil Beck frå Mighty no. 9 sjå ut i filmform?

Eit heilt nytt spel er kanskje ikkje det tryggaste prosjektet å satse på om ein skal lage film, men Mighty no. 9 ser ut til å bli nettopp det. Via Polygon får vi vite at Tim Carter frå Contradiction Films – produksjonsselskapet bak Machinima-serien Mortal Kombat: Legacy – fortalde til EP Live at selskapet hans er i ferd med å filmatisere Mighty no. 9.

Nøyaktig kva form prosjektet vil ta er ikkje heilt tydeleg. Med tanke på den teikneserieaktige stilen til Mighty no. 9 vil det vere naturleg å tru at det vil bli ein animert film eller serie, men Carter brukar uttrykket «live action», noko som stort sett betyr at vi får sjå skodespelarar i staden for animerte figurar.

Carter var i utgangspunktet tvilande til korleis spelet ville fungere for det Nord-Amerikanske publikummet, men Infaunes tankar om prosjektet skal ha fjerna all tvil.

Om Mighty no. 9 blir film eller serie, og korleis det ferdige produktet blir gjort tilgjengeleg for massane er ikkje klart enno.

Om du lurer på korleis det går med andre Kickstarter-prosjekt kan du lese deg opp på kva vi meinte om Terraria-inspirerte Starbound i vår sniktitt.

Siste fra forsiden