Japansk taktikk møter vesten

Final Fantasy Tactics-regissør Yasumi Matsuno lanserer Kickstarter-prosjekt.

Under Tokyo Game Show i desember kunne den amerikanske mobilspelutviklaren Playdek fortelje at dei ville lage eit nytt taktisk rollespel saman med den japanske legenda Yasumi Matsuno. Om du ikkje kjenner dette namnet har han fleire svært godt mottekne spel på VC-en sin.

Han står bak populære titlar som Final Fantasy Tactics, Tactics Ogre, Vagrant Story, og han sat opprinneleg i regissørstolen under utviklinga av Final Fantasy XII, før han måtte takke for seg grunna sjukdom. Felles for spela han har jobba på er sterke historier og detaljerte og gjennomførte kampsystem.

Slår seg saman med amerikanarar

Konseptkunst frå Unsung Story.
Little Orbit

Spelet Matsuno skal lage saman med amerikanske Playdek har fått namnet Unsung Story: Tale of the Guardians. Matsuno vil først og fremst ha ansvar for å skrive historia og skru saman verda og personane i den. Sjølve utviklinga av spelet vil Playdek ta seg av. Dei har tidlegare laga ei rekke mobilspel som Dungeons & Dragons-spelet Lords of Waterdeep, Ascension og Summoner Wars.

Spelet vil bli lansert for iOS og Android, men utviklarane har no lansert ein Kickstarter-kampanje for å kunne utvide prosjektet, samt lansere det for Windows og Mac.

I Unsung Story tek vi turen til verda Rasfalia. Her vil vi følgje utfordringane til folk som kjempa i ein krig som vara i 77 år. Vi vil altså ikkje berre møte eit knippe heltar i spelet, men i staden fleire ulike personar som spelar viktige roller i handlinga som vil utspele seg gjennom ein mangeårig periode. Spelet blir delt inn i ein episode per helt, og kvar episode kan vare i alt frå eit år til meir enn eit tiår.

Gameplayet blir turbasert, men utover dette har ikkje Playdek kome med mange detaljar enno. Det vi veit er at slaga vil skje i eit 3D-landskap, og at kvar karakter vil kunne ha ein av fleire klassar innanfor ulike hovudgreiner.

Playdek ber om 600 000 dollar for i Kickstarter-kampanjen, og har etter omlag ein dag samla inn nesten 250 000 dollar. Om dei samlar inn nok pengar vil Matsunos komponistmakker gjennom mange år, Hitoshi Sakimoto (Vagrant Story, Final Fantasy Tactics, Final Fantasy XII), komponere musikken. For enda høgre summar vil spelet kome til PS Vita og 3DS i tillegg til iOS, Android, Windows og Mac.

Treng du umiddelbart påfyll med eit sterkt, turbasert kampsystem er fantastiske The Banner Saga eit glimrande alternativ.

Siste fra forsiden