Japanske godsaker til 3DS

Det blir ein bra haust for alle som likar sære japanske spel.

I kveld hadde Nintendo ein av sine Nintendo Direct-presentasjonar. Der kunngjorde dei at tre av spela i japanske Level 5 si Guild 01-samling blir tilgjengelege i Europa framover mot jul. Guild 01 blei lansert i Japan tidlegare i år, og var ei samling med fire spel frå fire respekterte japanske utviklarar.

Tre av desse spela har no blitt kunngjorde for Europa. Det første av dei er Liberation Maiden, eit actionspel frå Suda 51. Denne karen har tidlegare stått bak spel som Killer 7, No More Heroes og Lollipop Chainsaw. I Liberation Maiden tek du på deg rolla som ei ungdomsskulejente som trer på seg ei robotdrakt for å kjempe mot dei som drap faren hennar. Når faren var ingen ringare enn den japanske presidenten er det klart det blir bråk.

Aero Porter er det andre spelet frå Guild 01 og gjev deg ansvaret for å styre ein flyplass. Du må sørgje for at all bagasje endar opp der den skal, og at flya går til riktig tid. Gjer du ein god jobb vil då tene meir pengar som let deg oppgradere flyplassen og få fleire passasjerar. Mannen bak Aero Porter er Yoot Saito som har levert sære spel som Seaman og det strategiske pinballspelet Odama.

Skjermbilete frå Crimson Shroud.

Det siste spelet på lista er Crimson Shroud, noko som burde glede rollespelarane der ute. Dette spelet kjem frå Yasumi Matsuno. Utan han hadde vi ikkje fått Final Fantasy Tactics, Vagrant Story og Final Fantasy XII. Spelet er sterkt inspirert av gamle penn- og papir-rollespel, og let oss bruke terningar for å handtere diverse utfordringar.

Alle desse spela blir tilgjengelege på 3DS eShop før året er omme, og Liberation Maiden kan du kjøpe allereie no. Aero Porter blir tilgjengeleg i november, og Crimson Shroud dukkar opp ein gong i desember.

Les også: Castlevania til Nintendo 3DS utsettes Les også: Norsk Wii U-dato avduket

Siste fra forsiden