Japanske stemmer i neste Final Fantasy

Lightning Returns lar deg velje språk.

Med mindre vi snakkar om små nisjespel der ein ikkje har budsjett til å lokalisere meir enn tekst, får vi svært sjeldan japansk tale i japanske spel. Grunnen er som regel at utviklarane hevdar det ikkje er nok lagringsplass på disken (noko som er ganske snodig sidan dei fleste spel i Europa uansett kjem med fleire språk), eller det kan vere lisensieringsutfordringar som set kjeppar i hjula.

Vent deg mange beist å ta knekken på i Lightning Returns.
Vent deg mange beist å ta knekken på i Lightning Returns.

Kva no enn grunnane måtte vere har Square Enix jobba rundt dei med sitt komande actionrollespel Lightning Returns: Final Fantasy XIII. Det tredje og siste spelet i Final Fantasy XIII-trilogien vil la deg velje språk sjølv. Eurogamer fortel i dag at dei japanske stemmene vil bli tilgjengelege som ei gratis oppdatering dei to første vekene etter spelet bli lansert. Etter det vil oppdatering koste pengar.

I tillegg til å by på originalspråket vil oppdateringa kome med lokalisert animasjon slik at leppene til personane samsvarar med det som blir sagt.

Blanda mottaking

Denne generasjonen har vore ei utfordring for Square Enix. Tidlegare har selskapwet lansert opp til fleire unike spel i Final Fantasy-serien i løpet av kvar generasjon. Denne generasjonen har derimot vore via Final Fantasy XIII, inntil Final Fantasy XIV: A Realm Reborn blei lansert for PlayStation 3 i august. Det første spelet i trilogien fekk blanda mottaking frå publikum då det blei lansert i 2010, men det fekk likevel ein oppfølgjar i 2012.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII blir den andre oppfølgjaren, og snur opp ned på mykje av det vi kjenner frå serien. I spelet tek du utelukkande styringa over hovudpersonen Lightning, i motsetning til gruppene som har vore vanlege i tidlegare spel. Kampsystemet blir i tillegg mykje meir actionfokusert.

Om du vil vite meir om Lightning Returns kan du lese våre inntrykk frå då vi tok ein kikk på Lightning Returns: Final Fantasy XIII tidlegare i år.

Lightning Returns: Final Fantasy XIII kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 14. februar.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen