Anmeldelse

Jedi Knight II: Jedi Outcast

Kyle Katarn er den tøffaste cowboyen i galaxen, Texas Ranger i verdensrommet, og ein av dei få blant oss som ikkje synest det er nokon stas med slike Jedi-ting. Han hadde nok følt seg meir på plass overskrevs på ein støvete hingst, med ein fire dagar gammal sigarsneip i munnvika. Kyle er tidlegare Jedi, og er ikkje vidare stolt over det.

Side 1
Side 2

For tida lev han som leigesoldat, og ser ut til å trivst riktig bra med det. Som vanleg kan ikkje bekymringslause livsstilar vare særlig lenge, eit opprop om hjelp riv Kyle ut av hans drømmeaktige tilstand. I noko som viser seg som ein litt ubehageleg drøm, blir det tydeleg at Xbox kanskje ikkje er den rette plattforma for Jedi-kunstar av denne sorten.

Barske menn i plast
Nokre Star Wars-fanboys blir nok litt irriterte no. Kan hende dei blir riktig forbanna til og med, for Jedi Knight 2 er ikkje særleg imponerande. Ikkje at det er noko gale med å vere Star Wars-fanboy. Det er framleis få ting som slår følelsen av å suse rundt i ein Tie Fighter i det gode gamle spelet med same namn. Tie Fighter og Jedi Knight 2 er for så vidt to vidt forskjellige spel, og eg forstår det. Poenget er at Tie Fighter la lista veldig høgt for mange når det gjeld Star Wars-spel. Jedi Knight 2 følest som akkurat det det er, eit spin-off produkt. Det kan og samanliknast med dei norske oversettingane på filmar, klassikarar som ”lettsabel”, og no sist ”artoo” og ”cethreepeo”. Du forstår kvar dei vil, du skjønar handlinga, men du blir litt irritert.

Kontrollane i Jedi Knight 2 er irriterande, først og fremst i førstepersons-modus. Dei låner litt frå Halo, noko som ikkje er ein negativt, men dei følest vinglete. Det verkar som om handkontrollen overreagerar, du vil litt, men kontrollen vil litt meir. Det er ikkje fullt så ille at kameraet snur 180 grader ved eit lite trykk på analogstikka, men det er nok til at irritasjonen byrjar å gro. Riktignok kan du stille på dette sjølv, men det er få ting som er meir irriterande i midten av eit spel enn å bruke mykje tid på å stille inn noko som ikkje samarbeidar. Eit anna irriterande element er korleis stormtroppene har ein tendens til brått å vere rett oppe i ansiktet mitt, utan forvarsel. Enten bevegar dei seg som leiketøy, berre når du ikkje ser, eller så må dei ha ein merkeleg eigenskap til å teleportere seg dit dei vil. Enda merkelegare blir det når du skyt på dei med alt du har og det brått går opp for dei, eit par sekund for seint, at: ”Hei eg er daud! Faen ta!”, så tar dei ein gymnastisk virvelvind av ein salto for å understreke poenget.

Det verste med Jedi Knight 2 er kanskje den lange, trege og temmeleg kjedelege starten på spelet. I noko som verkar som ei evigheit, vandrar du gjennom ein labyrint av gangar som ser prikk like ut. Av og til kjem du inn i eit futuristisk kontrollrom, men gleda varer ikkje lenge. Kompanjongen din må reddast, du må springe tilbake, og du har dårleg tid. Det seier seg sjølv at det ikkje er fullt så underhaldande, for å nå fram dit før ho døyr er inga enkel sak, ikkje første gong i alle fall. Slik held det fram ei stund. Det er du og blasterrifla di, kanskje det mest kjende våpenet frå Star Wars-universet. Manøvreringa av dette våpenet er ganske enkel. Ved å trykke på høgre ryggknapp fyrer du av eitt og eitt skot, noko som er den tryggaste måten å gå fram på, om du ikkje brått vil gå tom for ammo. Er du derimot av den skytegale typen, så vil eit trykk på venstre ryggknapp fyre av raske skot. Det er lettare å drepe fiendar på denne måten, men det er som sagt meir risikabelt for ammunisjonen din.

Bruk lyssabelen Kyle
Heilskapsinntrykket av den første delen av Jedi Knight 2 er at dette er som ein mod til Quake 1. Det er ingenting nytt her, du går framover, finn nøklar, opnar dører. Av og til må du til og med legge ut på ei litt slitsam plattform-hopping for å kome dit du vil. Mange synest sikkert at dette er kjempefesteleg, men er du ikkje hardbarka førsteperson-skyter- eller Star Wars-entusiast, er det ein stor sjanse for at du blir kasta av lasset. Det bygger ikkje på nokon måte opp mot eit episk eventyr i klassisk Star Wars-stil. Det er få andre våpen som er verdt å nemne, men rakettkastaren og disruptoren er to av dei. Rakettkastaren er kanskje den beste varmesøkande rakettkastaren eg har sett. Du skyt vanlege rakettar ved å trykke på høgre ryggknapp, men om du held inne venstre ryggknapp vil ein raud ring gradvis bygge seg opp om du har nokon i sikte. Når heile ringen er full, vil raketten treffe så og seie uansett kva offeret skulle finne på. Så heldige er vi dessverre ikkje med sniper-funksjonen til disruptoren. Siktet til disruptoren er oppfylt med lyseblå linjer og anna tull, noko som gjer det vanskeleg å sjå noko som helst. Legg du til litt hakking når du prøvar å sikte deg inn på fienden, så seier det seg sjølv kor praktisk den er.

Det einaste som gjer Jedi Knight 2 litt spesielt, er krafta og lyssabelen. Desse to ingrediensane gjer eit tappert forsøk på å løfte spelet opp over alle middelmåtige konkurrentar i kjølvatnet av Halo. Når du skifter til lyssablen, går kameraet over til tredjepersons-modus. Å spele som Jedi, i motsetning til å gå rundt som kva som helst slags Quake-klone, er ein befrielse. Det er jo klart at med eit spel der du kan vere Jedi-ridder, er fleirspelar-modus noko av det folk ser mest fram til. Lettare sjokka fant eg ut at det ikkje var mogleg å spele meir enn to stykker samtidig. Frå å vere eit populært deathmatch-inferno, har det sokke til ein patetisk kopi. Ikkje har det støtte for Xbox Live, ikkje støttar det system link, og ikkje kan det vere meir enn to spelarar. Kva er det utviklarane har tenkt? At spelet blir betre om ein fjernar det som kan halde det levande? Du kan kanskje dra ut tida til over ti timar om du spelar kampanjen, men med litt fleirspelar-støtte kunne det blitt det mangedobla. Sjølvsagt kan du spele mot bots, men uansett kor god AI-en er, så gir det ikkje den same følelsen som å vinne mot vennene dine.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden