Just Cause 3 er kunngjort

Kjekkasen Rico Rodriguez er klar for meir galskap neste år.

Om du er fan av spinnvill action og halsbrekkande stunt i fritt fall har du mykje å sjå fram til neste år. Game Informer har avslørt at svenske Avalanche er i full sving med det tredje spelet i sin populære Just Cause-serien.

Igjen er det den svartkledde helten Rico Rodriguez som legg ut på eventyr, og om vi skal tru det lille vi har av informasjon så langt, kan vi sjå fram til meir av det vi kjenner frå før. Gripekroken og fallskjermen er tilbake, og mekanikkane skal ha blitt dramatisk forbetra. I tillegg skal spelaren få ei nye vingedrakt å bryne seg på.

Spelet er sett till middelhavet der ein ny diktator byr på trøbbel. Det blir utvikla av Avalanche Studios si avdeling i New York, men det er alt vi veit om spelet enn så lenge. Game Informer lovar å kome med mange avsløringar over den neste månaden, så det bør ikkje ta lang tid før vi får fleire detaljar, deriblant dei første skjermbileta. Det har vore spekulasjonar om at spelet ville by på mikrotransaksjonar, men dette har vist seg å ikkje vere tilfelle. Just Cause 3 blir lansert på PC, PlayStation 4 og Xbox One i løpet av 2015.

Fri og frank i ei massiv verd

Skjermbilete frå Just Cause 2.
Skjermbilete frå Just Cause 2.

Sidan det første Just Cause-spelet har serien vore kjend for spesielt to ting; ei enorm verd du kan utforske slik du sjølv vil, og elleville actionsekvensar. Du kan ta over alle køyrty, om dei så er på land, på sjøen eller i lufta. Du kan hoppe ut av dei i full fart, dale nedover, og gripe tak i ting med gripekloa til Rico Rodriguez.

Det førre spelet i serien falt absolutt i god jord hos oss, og var på alle måtar destruktiv moro:

«Spelet kan skilte med enorme mengder unike køyrety, absurd mange basar, installasjonar og landsbyar som kan «frigjerast», og spelmekanikkar som er så overdrivne at du rett og slett berre blir sitjande og glise. Den usedvanleg flotte grafikken hjelper også; øynasjonen Panau er ei fryd for auget uansett kvar du er.»

Medan studioet i New York styrar på med Just Cause 3, er den svenske avdelinga opptekne med eit spel basert på dei post-apokalyptiske Mad Max-filmane.

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen