Anmeldelse

Just Cause

Rico Rodriguez er som kjærleiksbarnet mellom James Bond og El Mariachi. Sender du han med fallskjerm ned i eit tropisk landskap lettare inspirert av Grand Theft Auto, endar du opp med sånn omtrent det Just Cause serverar oss. Dessverre ser det ut til at Rico framleis er i trassalderen, og ikkje alltid har lyst til å leve opp til foreldra sine forventningar. Han er tøff og hadde sikkert ikkje hatt noko problem med å få seg ein dans på ein konsert med Los Lobos, men det er likevel noko som ikkje heilt stemmer med dette her.

Når ein får ein unge (ikkje at eg snakkar av erfaring), vil eg tru det i byrjinga er fryd og gammen. Ein er så glad for at ein har dette vesle nurket at alt anna blir urimeleg å tenke på. Kjærleik gjer blind, som dei seier. Når det går nokre år og du innser at ungen din gir blanke i skule og utdanning, og heller vil fordrive tida med ting som får han innkalla til rektor, glir nok denne gleda over i lett frustrasjon. Avhengig av kor tolerant du er som person, vil du muligens oversjå dette som typiske barnefakter. Eventuelt slår du neven i bordet og brølar at dette finn du deg pokker ikkje i.

Eg stiller meg litt midt mellom desse to ytterpunkta. Just Cause startar opp som eit pompøst frieri av lys, farge og halsbrekkande stunt, men utviklar seg til å kjapt gå på tomgang. Det er ei grense for kor mange gongar ein bit på dei same sjekkelinjene.

Hemningslaust frieri

Så kva er eigentleg Just Cause? Kort fortalt er det eit spel i ei åpen verd, der du gjer det du har gjort mange gongar før, berre plassert i ei anna setting. Just Cause utspelar seg i øystaten San Esperito, og din jobb som CIA-agenten Rico Rodriguez er å styrte regjeringa. Dette skal du sjølvsagt ikkje få til ved kløktig papirarbeid, men heller gjennom hopping frå fly, sjonglering med harde kuler, og litt balansehopping frå bil i fart. Jo da, moro er det. Til tider veldig moro, men dette er først og fremst i løpet av dei aller første timane. Deretter går det nedover. Nesten like fort som i fritt fall før du åpnar fallskjermen.

Det er lett å forelske seg i Just Cause. Når du først glir innover øysamfunnet sperrar du opp auga. Det er enormt, og du ser absolutt alt. Så langt auge kan sjå ser du. Det er vakkert, rett og slett nydeleg. Musikken er perfekt for stemninga, og i det beina dine møter bakken hiv du deg umiddelbart ut i litt agressiv ildkamp. Deretter hoppar du opp i ein bil og skyter ned andre bilar og helikopter, medan ein alliert køyrer deg dit du skal. Det er nesten for fantastisk til at det kan være sant. I det du når ditt første "safehouse" – hus der du kan fylle opp med ammunisjon, lagre, og generelt sett være trygg – kilar litt spansk gitarmusikk deg oppetter ryggen. Det er ei fabelaktig stemning, og du kan ikkje kome i gong raskt nok.

Nokre historiesekvensar fortel deg kva ditt mål er på øya, og snart er du i gong med å sprenge deg veg gjennom ei tyrannisk regjering. Veldig ofte er det så enkelt. Du blir sendt ein plass, skyt mange fiendar, og sprenger vegsperringar og anna tull som ikkje høyrer heime i ein fri stat. Deretter henger du opp riktig flagg, og oppdraget er gjennomført. Gjenta dette eit par gongar, og du er kanskje heldig nok til å få lov til å jakte på ein eller anna baron i staden. Einaste forskjellen er eigentleg at der skal du ikkje sprenge noko, men heller skyte nokon som ikkje fortener å ha fullt så mange pengar som dei har.

Der har du det eigentleg. Heile spelet i eit nøtteskal. Du har ei lita skål med velsmakande jordbær som set smakslaukane i våt elskovsdans. Eit par hundre jordbær seinare, og du ligg på golvet med krampetrekningar og ber til dine respektive gudar om at du aldri ser eit jordbær igjen. Just Cause har nokre fordømt artige oppdrag, og kontrollsystemet er det absolutt ingenting å sei noko på, men det skjer aldri noko nytt. Du gjentar dei same oppdraga i det som verkar som det uendelege, og du blir litt lei. Det er moro, men du manglar driven som fører deg vidare.

Uinteressante oppdrag

Just Cause har ei lineær historie som tek deg gjennom styrtinga av regjeringa, og ved sidan av desse har du mange små oppdrag. Desse små oppdraga har eigentleg ingen spesiell nytteverdi. Dei gir deg i oppdrag å gå ein stad, skyte nokon, plukke opp noko, for så å levere det på ein gitt destinasjon. Du finn variasjonar av temaet, men dei er ikkje store nok til at ein kan sei eit oppdrag er unikt.

Det du tener på desse oppdraga er tillit hos øystatens forskjellige opposisjonsstyrker. Ved å kome på godsidene deira, vil du kunne få tilgong på fleire trygge hus, og du kan få nokre nye køyretøy og våpen. Dette er i og for seg veldig positivt, men det er synd at det du tener på desse oppdraga først og fremst er ting som ser betre ut, den store forskjellen byr dei sjeldan på. Du får kanskje ein ny bil, den kan kanskje skyte nokre kuler, du får gjerne også ein ny pistol, men du har eigentleg aldri hatt behov for det. Rico Rodriguez er ein gud i den forstand at han tåler alt. Eg har aldri gjennom spelet opplevd å dø, og når våpna mine gjer så pass med skade frå første stund, blir behovet for noko sterkare ikkje-eksisterande.

I staden endar du opp med å køyre rundt, nyte den absolutt fabelaktige utsikta, og utføre mange av desse veldig like oppdraga. Oppdraga som følgjer historia kan være ganske unike, og dei kan av og til være det som gjer Just Cause til eit spel du berre må ha. Det er derfor veldig synd å sjå at all fokus ligg på desse, og ikkje på alle dei frivillige oppdraga, som du kjem til å bruke mykje meir tid på. Det er her mesteparten av kjøtet i kjøtpuddingen Just Cause ligg, derfor hadde det absolutt vore på sin plass med litt ekstra krydder.

Smarte bilistar

Det er veldig synd at det er slik, for Just Cause er eit spel det er vanskeleg å ikkje ville like. Det har mange flotte detaljar, men potensialet blir aldri utfylt, og ei rekke med tekniske feil og bisarre situasjonar vil enten få deg til å le eller bite tenner i forakt for dei pengane du nett kasta bort. Ta til dømes trafikken i San Esperito. Opptil fleire gongar har eg kome til eit vegkryss der det tilsynelatande har oppstått ein kjedekollisjon. Det pussige er at ingen bilar har kome i kontakt med kvarandre. Dei har i staden enda opp med å køyre rett mot ein anna bil, og stoppa sidan dei ikkja kan køyre vidare (rett fram må vite). Smarte nok til å køyre rundt er dei ikkje, så det vi endar opp med er lange rekker med bilar som berre står heilt i ro og ventar på at eit mirakel skal skje.

I eit anna moment har vi politiet og anna krimskrams. Ein av dei mest underhaldande delane ved spelet er å køyre rundt på øylandet i eit eller anna køyretøy. Du bør derimot være ytterst forsiktig, for om du så mykje som byter litt lakk med ein anna bil, heng brått politiet på deg som ein bisverm av dimensjonar. Tenk Blues Brothers og du er på riktig spor. Kvar du enn køyrer møter du berre fleire bilar som svingar inn i vegen foran deg, helikopter som følgjer etter deg (eg talte fem på det meste), og ganske ofte prøvar konstablar på motorsykkel å presse deg ut. Eg veit ikkje heilt, men når ein fyr på motorsykkel prøvar å dytte ein terrengbil av vegen, er det noko som har slått feil.

I tillegg til dette har vi små og irriterande tekniske glippar som kan legge ein dempar på humøret. Kanskje har du fått i oppdrag å møte nokon, berre for å finne at ingen er der. Kanskje skal du sprenge eit hus, men ikkje berre er huset uskadeleg, men du kan også gå rett gjennom det som om det er av luft. Det som har irritert meg mest, er uansett når Rico vel å setje seg fast, enten i ope terreng, eller gjerne midt i lause lufta. Ikkje moro.

Konklusjon

Det er mykje negativt med Just Cause, men det har også sine gode sider. Det er noko veldig sjarmerande over den relativt enorme øystaten. Den absolutt nydelege grafikken, musikken som er heilt perfekt, og ein helt som er noko anna enn din typiske drittunge med automatvåpen, alt smeltar saman til noko ein veldig gjerne vil like. Og det gjer eg. Eg likar det, tidvis veldig godt, men så er det alle desse irritasjonsmomenta som ikkje vil forsvinne. Du kan ha det fortreffeleg, berre for atter ein gong bli jaga ned av alle politimenn i heile verda, sidan du var så uheldig å kome i kontakt med nokon andre. Just Cause har potensiale i bøtter og spann, men potensiale er ikkje alltid nok.

Vurdering


Windows | X360
Nokså godt

Just Cause X360

Just Cause Windows

Just Cause X360 X360 6/10 PS2 Xbox Windows 6/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. september 2006
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Avalanche Studios

Just Cause Windows Windows 6/10 PS2 Xbox X360 6/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 22. september 2006
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Eidos Interactive
  • Utvikler: Avalanche Studios

Kommentarer (64)

Forsiden akkurat nå

Til toppen