Kamera til Nintendo DS

Nintendo vil redde folkehelsa, og no står ansiktet ditt for ut.

Nintendo står ikkje berre bak nyskapande maskiner som DS og Wii. Dei har i tillegg eit utval av spel og underhaldningsprodukt som etter alt å døme vil gi deg eit betre og lengre liv. På Wii kan du trene kroppen med eit slag tennis, og på Nintendo DS kan du trene hjernen din til å tenke meir effektivt med ei runde Brain Training. No vil du snart kunne trene ansiktsmusklaturen òg.

Det er N-Europe som kjem med nyheita om at Nintendo har kunngjort eit kamera til Nintendo DS. Kameraet vil kome i samband med Adult Face Training, eit spel som skal friske opp både musklatur og hud i ansiktet.

Du vil halde maskina som ei bok medan du spelar. På den venstre skjermen vil du få sjå eit ansikt som viser deg kva du skal gjere med ditt eige. På den høgre skjermen får du sjå ditt eige ansikt, ved hjelp av kameraet som du puttar inn i GBA-inngongen på DS.

Spelet er utvikla i samarbeid med den japanske ansiktseksperten Fumiko Inudo. Ved å følgje oppgåvene på skjermen, skal vi visstnok få meir elastisk hud, og eit vakrare ansikt. Vi bør vel ikkje bli for overraska om dette blir den nye farsotten blant Hollywood-kjendisar på jakt etter evig ungdom.

Adult Face Training kjem ut i Japan 2. august. Nokon europeisk dato er ikkje kunngjort.

Siste fra forsiden