Kan dette spelet konkurrere mot Ni No Kuni?

Tales of Xillia landar i butikkane på seinsommaren.

Namco Bandai er eitt av få japanske selskap som framleis dyttar ut rollespel til heimekonsollane. Tidlegare i år gav dei ut Level 5 sitt nydelege eventyr Ni No Kuni: Wrath of the White Witch, og i fjor lanserte dei Tales of Graces f for det europeiske publikumet.

Eitt år etter Graces er det tid for eit nytt Tales-spel. I ei pressemelding i dag har Namco Bandai informert om at Tales of Xillia kjem til PlayStation 3 9. august. Dette er nesten heile to år etter den japanske lanseringa. Mykje tyder på at livsmottoet til Namco Bandai kan vere «betre seint enn aldri».

Kampane ser som vanleg ut som fyrverkeri.
Kampane ser som vanleg ut som fyrverkeri.

I Tales of Xillia møter vi eit nytt knippe heltar som må ut på eventyr i ei fargerik fantasiverd. I likskap med Final Fantasy-serien møter vi stort sett heilt nye verden i kvart Tales-spel, og Xillia er ikkje noko unntak. Det er likevel fleire ting som går igjen i kvart spel.

Blant desse finn vi eit spenstig og actionfylt kampsystem som nådde nye høgder i Tales of Graces f. Alt går i sanntid, og mykje av moroa kjem som regel gjennom å finne ut kva angrep ein skap utruste karakterane sine med før ein testar dei ut i kamp. Eit anna varemerke for Tales-serien er «skits», små valfrie – og ofte humoristiske – sekvensar som først og fremst byggjer opp karakterane ut over det historia gjer sjølv.

Tales of Xillia kjem i sal for PlayStation 3 9. august.

Les også: Anmeldelse: Tales of Symphonia: Dawn of the New World
Les også: Anmeldelse: Tales of Vesperia

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen