Kan du overleve blant dinosaurane?

Årets kanskje mest spanande Kickstarer-prosjekt er i gang.

Det er tragisk få dinosaurar i den fagre spelverda vår. Ein og annan gong dukkar dei opp i spel som Turok og Tomb Raider, men stort sett må vi klare oss med mytologiske beist utan rot i røynda, eller soldatar med kanskje hakket for mykje rot i røynda.

Dette vil Alex Fundora gjere noko med. Han har erfaring frå Bethesda der han jobba på The Elder Scrolls: Skyrim, samt den artige Tower Defense-serien Dungeon Defenders. Saman med to kollegaer har han no lansert ein Kickstarter-kampanje for spelet The Stomping Land.

Det gjeld å ha tunga beint i kjeften.

Liten jegar blant kjemper

I dette spelet tek du rolla på deg som ein jegar, og målet er hovudsakleg å overleve i ei verd full av dinosaurar. Du må jakte dinosaurar for å få tak i mat, men denne jakta har fleire negative konsekvensar. Ein av dei er at eit blodig lik kan tiltrekkje seg større rovdinosaurar som Tyrannosaurus Rex.

For å takle slike problem kan du slå deg saman med andre spelarar. Saman kan eit følgje med jegarar setje opp feller, og leggje planar for korleis dei skal takle utfordringane verda byr på. Om ein har samla inn mykje kjøt kan dette lagrast i leirar spelarane kan byggje.

Slik suksess på jaktfronten kan derimot by på sine problem. Jaktar du for mykje vil dette gå ut over bestanden med dinosaurar, og dette kan igjen føre til konflikter med andre spelarar sidan det blir kamp om maten.

Utviklarane har bedd om 20 000 dollar for å lage dette spelet, noko dei samla inn i løpet av den første dagen. Dei har ein knapp månad igjen før kampanjen er over, og om dei får inn nok pengar vil dei hyre inn fleire folk for blant anna å byggje eit stjernekart du kan navigere etter ved å berre kike oppover, samt gjere spelet penare.

Les også: Anmeldelse: Jurassic Park: The Game Les også: Indiebonanza på PlayStation

Siste fra forsiden