(Bilde: Focs Home Interactive)

Kan du overleve på postapolakyptiske Mars?

Rollespelet The Technomancer viser kva som eigentleg skjer på den raude planeten.

Om det blir for få rollespel i kvardagen din kan du til neste år sjå fram til det postapokalyptiske rollespelet The Technomancer frå Spiders. I ei fersk pressemelding avslører utgjevar Focus Home Interactive dei første detaljane om deira komande rollespel på den raude planeten Mars.

I rolla som det utviklarane kallar ein Technomancer må du flykte frå eit hemmeleg politi medan du legg ut på ei reise som lar deg møte alt frå stammefolk til dystopiske samfunn og byar gøymde under isen.

Elektriske krefter og dynamisk dialog

Mars har tydelegvis eit yrande dyreliv.
Mars har tydelegvis eit yrande dyreliv. Bilde: Focs Home Interactive

Spiders fortel i pressemeldinga at du i rolla som Technomanceren vil kunne ta i bruk tre ulike kampmetodar, der elektriske og destruktive angrep får ei stor rolle. Ved sidan av din eigen spelbare karakter vil du kunne få med deg diverse følgjesvener du òg vil ha ein viss kontroll over ved å sjølv velje kva dei skal spesialisere seg i.

The Technomancer vil som mange andre moderne rollespel la deg velje korleis du vil gå til verks. Du vil ikkje alltid bli nøydd til å ty til vald, men kan bruke dialog for å ordne opp i diverse situasjonar. Vidare vil spelet by på fem ulike sluttar basert på kva du gjer i løpet av spelet.

Utover dette vil du kunne byggje eigne våpen og utstyr til deg og følgjet ditt.

The Technomancer er det siste i ei rekke rollespel frå franske Spiders. Det første var solid Faery: Legends of Avalon frå 2010, men dei stod òg bak Of Orcs and MenMars: War Logs og fjorårets Bound by Flame.

The Tchnomancer vil lanserast på PlayStation 4, Xbox One og Windows neste år.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen