Sniktitt

Kane & Lynch: Dead Men

Nokre gongar held det ikkje å vere snill. Nokre gongar må du bruke skikkeleg stygge metodar.

Lynch står på skranken med hagla framfor seg. På golvet rundt han ligg kundar og ansatte i det som for få minutt sidan var ein heilt normal dag i banken. Ingen av dei ligg med hendene over hovudet, slik dei gjerne skal i slike situasjonar. Dette er eit ran, og det var den verste dagen desse personane kunne finne på å gå i banken. No er dei er alle døde. Lynch skulle skape bråk i bankfilialen, medan Kane braut seg inn i bankkvelvet for å stele noko heilt spesielt. I staden for å gjere som han skal, har Lynch gått amok. I kvelvet høyrer Kane bråket. Forbanna spring han opp i eit håplaust forsøk på å redde situasjonen, like før politiet stormar bygningen, og ein av spelets mange intense skyteepisodar trer i kraft.

Action fra Hitman-skaperne

Vis større

Trailer: Kane & Lynch: Dead Men #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • kane & lynch


Kort tid før dette vil du bli vitne til ein av dei mest vanvittige opningssekvensane i eit spel nokon sinne. Tåke fyller auga dine, og du høyrer stemmer banne høglydt i det ein oransje skapning bøyer seg ned over deg og ber deg om å for faen strekke ut hendene dine. Du ser munningen på ei hagle, og etter eit drønnande smell krabbar du deg opp på beina og innser at kjettingane rundt henda dine har blitt blåst bort. Sjanglande prøvar du å halde følgje med dei som nett har gjort deg til ein fri mann igjen.

Vald i alle kanalar

Kane & Lynch: Dead Men er det nyaste spelet frå IO Interactive, gjengen som har gitt oss Hitman-serien. Det er eit actionfyllt spel med to hardbarka kriminelle kjeltringar i hovudrollene, og når valden ikkje fyller auga dine, kan du banne på at det vakre «F»-ordet vil gjere det same med øyra dine. Dette er meir som å vere vitne til ein brutal film i stil med Natural Born Killers. Kane & Lynch bannar og kvesser tenner om kvarandre, og berre etter nokre få timar har du allereie opparbeida deg eit solid forhold til begge to. Vi kan enkelt seie det slik at Kane & Lynch: Dead Men ikkje er eit spel mynta på den yngre generasjonen med spelarar der ute, og det vel IO Interactive å understreke på alle tenkelege punkt.

Dette er ikkje berre eit actionspel med moglegheiter for å samarbeide om å ploge seg veg gjennom historia. Spelet handlar like mykje om psyke, og forholdet mellom to personar som verkeleg ikkje har mykje til overs for kvarandre. Du har den kaldblodige Kane, som ikkje tenker seg om to gongar før han gjer noko ubegripeleg. Motsetninga hans er den nevrotiske Lynch, som mistar kontrollen, men har likevel eit samvit som får han til å reagere på meir enn ein situasjon.

Dette gir spelet ein unik base for svært personlege drama. Sjølv om det er vanskeleg å seie korleis dette vil utvikle seg i lengda basert på kva vi har prøvd så langt, lovar det svært godt. Skodespelet er etter alt å døme upåklageleg, og Kane og Lynch er som to illsinte hundar som gjerne vil rive ut strupa på kvarandre, men diverre for begge to dei samarbeide. Lynch er vaktbikkja som skal passe på at Kane får utført eit heilt spesielt oppdrag. Sjølv om det er mykje personleg drama inne i biletet, endar dei fleste situasjonar opp i eit elegant iscenesett kuleregn, noko som på ingen måte er negativt.

Spelet er eit ganske typisk actionspel i tredjeperson. Du ser hovudpersonen Kane bakfrå, men du kan sikte inn på fiendar for stødigare skot, noko som vinklar kameraet over skuldra på hovudpersonen. Som i Gears of War kan du gøyme deg bak søyler og veggar, men du treng ikkje trykke på ein knapp for å gjere det, det skjer automatisk – og det fungerer for det meste minst like bra. Du spring bort til ein vegg og lener deg inn mot han, og det skjer yttarst sjeldan at du slenger deg opp mot noko utan å meine det. Det oppstår imidlertid episoder der du ikkje greier å gøyme deg bak noko, uansett kor lenge du prøvar, men dette får vi håpe blir fiksa til lansering.

Av større interesse er korleis det du gøymer deg bak brått fell mot bakken. Søyler kan rett og slett bli dekonstruert bit for bit av det konstante kuleregnet som haglar mot deg. Dette er er både til din fordel, og til stor frustrasjon. Om ein fiende gøymer seg bak noko, kan du likevel kome til, men du kan samtidig aldri vere trygg berre fordi du gøymer deg.

Underhaldning for vaksne

Teknisk sett gjer ikkje Kane & Lynch: Dead Men mykje nytt i forhold til andre spel. Det baserar seg på formlar som vi veit fungerar, og brukar dei til å fortelje ei rå og valdeleg historie om to hardt kriminelle menn. Her handlar det om brutal vald og politijakter midt i byen. Du sprenger deg veg inn i skyskraparar, skyt deg framover langs ein høgt trafikkert veg, og kidnappar ei jente midt inne i ein stappfull utestad med dunkande musikk, neonlys og sveitte, dansande kroppar på alle kantar. Med det i tankane er det ikkje dei små detaljane i spelet du legg merke til, men storleiken. Det skjer mykje på ein gong, og områda kan bli store og omfattande, noko som gir ein kjensla av å vere i ei verkeleg verd.

Sjølv om spelet handlar om Kane og Lynch, er dei ikkje alltid aleine. Ofte har du med deg ei lita gruppe med maskerte menn, og desse kan du gi nokre ganske enkle ordrar til. Du kan be dei angripe, vente, eller berre følgje deg. Å gi ordrer til desse personane er enkelt nok til at ingen burde irritere seg over det, medan andre vil finne glede i det. Desse «hjelparane» har òg nokre andre funksjonar. Du kan til dømes gi dei våpen om du skulle meine det dei har er for slapt, i tillegg kan du få ammunisjon frå dei om du skulle gå tom. Dei kan òg gi deg ein hjelpande hand i form av ei temmeleg usunn adrenalinsprøyte om du skulle få eit par kuler for mange i kroppen.

Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Kane & Lynch er to valdelege menn med eit langt rulleblad som eigentleg fekk dei dømt til døden. Slikt vil ikkje skjebnen ha noko av, og du endar dermed opp i eit spel der kulene susar og kroppane fell til jorda som fluger. Spelet er kanskje ikkje av den originale sorten, men den historia det fortel, gir deg verkeleg lyst til å halde fram. Når det i tillegg er skikkeleg moro å spele, ser det ut til at det meste er klart for mange underhaldande timar. Spelet vil i tillegg innehalde ein samarbeidsmodus, og fleirspelarmodusar noko utanom det vanlege. Dei som kanskje hadde håpa på eit nytt Hitman-spel frå IO Interactive i år blir nok neppe skuffa når erstatninga kjem i form av Kane & Lynch: Dead Men.

Sniktitten er basert på Xbox 360-utgåva. Spelet kjem òg til PC og PlayStation 3.

Siste fra forsiden