Kickstarter-nedtur for Planetary Annihilation-skaparane

Tentakkelmonster mot robot-spelet Human Resources er lagt på is.

Utviklarane hos Uber Entertainment hadde stor suksess med sin Kickstarter for strategispelet Planetary Annihilation. Dei bad opphaveleg om 900 000 dollar (rundt 5 millionar kroner), men enda opp med solide 2 millionar dollar, noko som med dagens kurs tilsvarer i overkant av 13 millionar norske kroner.

Planetary Annihilation blei lansert i byrjinga av september, og med det var det på tide å setje i gong med eit nytt prosjekt. Dei enda opp med strategispelet Human Rescources, eit spel der massive kamprobotar har enda opp med å skape så mykje bry for menneska som skapte dei, at løysinga kom gjennom å invitere enorme monster frå ein annan dimensjon for å stogge dei.

Fekk for lite pengar

Menneska ville ikkje hatt mykje dei skulle ha sagt i dette spelet.

Uber Entertainment lanserte ein Kickstarter-kampanje for Human Resources i byrjinga av oktober, men har i ei fersk oppdatering på Kickstarter-sida si fortalt at dei har valt å avslutte kampanjen. Grunnen er enkel. Dei ville ha 1,4 millionar dollar, men har ikkje ein gong klart å samle inn 400 000 dollar. Sidan dei ikkje ser håp for å kome i mål, har dei valt å avslutte kampanjen slik at dei kan bruke tida si på meir produktive ting.

Kva som vil skje vidare med Human Resources er uvisst. John Comes frå Uber Entertainment fortel på Kickstarter at teamet elskar universet dei har skapt, og gjerne vil gjere noko med det i framtida. Spelet slik det blei presentert i Kickstarter-kampanjen er likevel døydt.

Human Resources skulle etter planen bli eit strategispel med massive slag der opp mot åtte spelarar kunne møte kvarandre på datagenererte slagmarker. Menneska i spelet er berre ein ressurs for robotane og monstera, og du ville såleis tatt styringa over enten mekaniske beist, eller organiske monster henta rett ut av ei H.P. Lovecraft-novelle.

Det er kanskje ikkje så overraskande at det gjekk feil veg for Human Resources. Kickstarter har dalt i popularitet det siste året, og Kickstarter-spel har i år berre samla inn omlag halvparten av kva dei gjorde i fjor.

Siste fra forsiden