Kickstarter-spel får gratis distribusjon

EA vil gjerne at Origin-butikken blir førstevalet til utviklarane.

Heilt sidan Tim Schafer of Double Fine snudde verda på hovudet med sin massive Kickstarter-suksess har det eine utviklarteamet etter det andre kasta seg på bølgja. I ei verd der få store selskap tør ta sjansar, har vi enda opp med svært mykje av det same. Som eit resultat av dette har både sjangrar og seriar gått i gløymeboka, og utviklarane må sjå seg rundt etter andre måtar å få finansiert spela sine på.

Å la fansen betale for utviklinga av spelet i det heile har starta har vist seg å vere ein solid finansmodell, sjølv om vi så langt har til gode å sjå mange reelle resultat.

For å gje Kickstarter-utviklarane ei hjelpande hand, eller for å lokke fleire brukarar til Origin, har EA kunngjort i ei pressemelding at dei vil kutte alle distribusjonskostnader dei 90 første dagane eit Kickstarter-spel er i sal.

– Folkestøtta for å kronerulle kreative spelidear er ingenting mindre en fenomenal. Samtidig er det utruleg sunt for spelindustrien. Spelarar over heile verda fortener sjansen til å spele kvart einaste gode, nye spel, og ved å fjerne distribusjonskostnadane på Origin kan vi vere med på å gjere dette til ein realitet, fortel David DeMartini, senior visepresident for Origin.

Nokre utviklarar har òg kome med sine syn på at det blir billegare å få spela ut til publikum. Blant anne Gabriel Knight-skapar Jane Jensen som hadde dette å seie:

– Kronerulling er som folkets pris. Det er ein måte for fansen å vise kva dei vil ha. Det er flott å sjå store distributørar som EA anarkjenne det, og opne opp distribusjonsmoglegheitene for desse spela.

Les også: Republique når Kickstarter-mål
Les også: Jane Jensens Kickstarter i mål

Kommentarer (33)

Forsiden akkurat nå

Til toppen