Kickstarter-suksess for GODUS

Peter Molyneux sitt gudespel nådde målet og får Linux-versjon.

På tampen av november lanserte Peter Molyneux og det nye studioet hans 22cans ein Kickstarter-kampanje for gudespelet GODUS. I dette spelet vil dei sprøyte nytt liv inn i ein sjanger som ikkje har sett for mange nye innslag dei siste åra. Du vil kunne bruke gudekrefter som meteorar og lysfontener, samt endre landskapet for å hjelpe sivilisasjonen din til å vekse seg stor. Etter kvart som du lagar flate område folk kan bu på, vil dei automatisk busetje seg der og utvide sivilisasjonen.

På måndag kunne vi fortelje at det derimot såg ganske mørkt ut for GODUS. 22cans var over 100 000 pund frå målet på 450 000 pund, og studioet la ut ein video av ein prototyp for å få opp entusiasmen blant folk.

Dette ser ut til å ha gjort underverk. I kveld blei Kickstarter-kampanjen avslutta med ein total pott på 526 563 pund, og gjekk med det godt over minstekravet. Det betyr at fleire av strekkmåla til kampanjen blei innfridde. Blant anna vil James Leach skrive historia i spelet. Han har tidlegare forfattar for Dungeon Keeper, Black & White og Fable og fleire andre Peter Molyneux-spel.

Samtidig vil spelet få ein Linux-versjon, og ein samarbeidsmodus for to spelarar som enten spelar mot maskina eller andre spelarar.

Ved sidan av Kickstarter-kampanjen har det vore mogleg å støtte spelet via Paypal. I skrivande stund vitast det ikkje kva denne summen enda opp på, men om den totale summen er over 550 000 pund, vil 22cans gjere GODUS kompatibelt med Android-konsollen Ouya.

Les også: Britene inntar Kickstarter
Les også: Gudespillet Maia trenger hjelp

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen