Killer Instinct får butikkversjon

Microsoft med nytt tilbod til dei som vil ha spela sine til utstilling.

Eit av dei mest populære spela då Xbox One blei lansert i store delar av verda i fjor haust var slåssespelet Killer Instinct. Denne gjenopplivinga av Rares gamle slåsseserie henta fram igjen gamle heltar til ny giv, og blei ein så pass stor suksess at det nyleg fekk solid fokus på slåssespelturneringa EVO 2014.

I motsetning til dei fleste andre lanseringsspela til Xbox One var Killer Instinct berre ein digital tittel. Du kunne laste det ned gratis med tilgang på ein figur, eller du kunne kjøpe fleire figurar og meir innhald gjennom diverse pakkar.

Om dette ikkje er heilt di greie og du heller føretrekk å ha spela dine på disk, har Microsoft no avslørt at dei vil lansere ein butikkversjon av Killer Instinct. Denne vil kome med alt innhaldet frå den første sesongen av Killer Instinct, samt ein gratis figur frå den komande sesongen som vil starte til hausten. Pakka har fått lansering i statane 23. september. Microsoft har ikkje sagt noko om ei europeisk lansering heilt enno, men sidan Xbox One lanserast i Noreg og ei rekke andre land i september, skal ein ikkje sjå bort frå at det vil bli eit lanseringsspel. I verste fall er Xbox One likevel sonefri slik at bokskopien kan importerast utan problem.

Trøblete utviklarsituasjon

Killer Instinct stod opp frå dei døde i fjor.

Killer Instinct blei utvikla av Double Helix, men dei måtte seie frå seg utviklaransvaret då dei tidlegare i år blei kjøpt opp av nettbutikkgiganten Amazon. Ansvaret for å ta over vidareutviklinga av spelet enda difor opp med å gå til Iron Galaxy, eit studio som tidlegare har pussa opp gamle slåssespel frå Capcom.

Då vi vurderte Killer Instinct i fjor meinte vi det var et solid slåssespel, men at det hadde mykje forbetringspotensiale:

«Spelet har eit bunnsolid fundament gåande for seg. Slåssesystemet er likt nok sine konkurrentar til å ikkje vere framandgjerande, men annleis nok til å inneha sin eigen identitet i sjangeren. Det stilreine grafiske uttrykket er kanskje ikkje noko å rope hurra for i utgangspunktet, men får jobben gjort.»

Killer Instinct er ikkje den einaste mangeårige slåssespelserien som lev vidare på den nye konsollgenerasjonen. Bandai Namco kunngjorde nett eit ferskt spel i Tekken-serien.

Siste fra forsiden