Killer Instinct fengslar sinte spelarar

Slåssespelet vil straffe dei som sluttar midt i ein kamp.

For aktive spelarar er det eit kjent fenomen at når det går din veg, står du ovanfor risikoen for at motstandaren din hoppar ut av spelet i raseri før slaget er over. I Xbox One-eksklusive Killer Instinct har dette blitt eit omfattande problem.

Utviklarane hos Double Helix vil setje i verks tiltak for å kjempe mot problemet som er betre kjent som Rage Quitting. Om du er blant dei som har ein stygg vane for å nekte motstandaren din for ein siger, kan du ende opp i fengsel. Dette kjem fram i eit nytt innlegg på Double Helix-forumet.

Raseri møter raseri

Det er på tide å oppføre seg når vi får pryl.

I ei komande oppdatering for Killer Instinct vil spelarar som har ein fråkoplingsrate på 15 % bli sette i eit eige raserifengsel. Kampen som sender deg i kasjotten vil òg telje som eit tap. Å sitje i fengsel betyr at du ikkje får spele i offentlege kampar på eit døgn. Du vil likevel få lov til å spele mot andre spelarar, men berre spelarar som òg har blitt putta i fengsel. Alle spelarar som har blitt putta i fengsel får profilikonet endra til eit fengselsikon.

På denne måten vil dei sinte spelarane spele mot kvarandre, og forhåpentlegvis lære av sine feil. Når fengselstida er over er alt tilbake til normalt, men om du held fram med den usportslege mentaliteten, blir du sendt tilbake i fengsel. Om eit døgn høyrest lite ut, gjeld dette berre din første tur til fengselet. Kvar påfølgjande fengsling vil auke tida du sit i fengsel, og makstida er fem dagar.

I tillegg til den nye fengselsmodusen vil den komande oppdateringa la deg nullstille spelaren din i øvingsmodusen. I tillegg vil skjelettet Spinal bli tilgjengeleg som spelbar karakter for dei som har kjøpt Ultra Edition- og Combo Breaker Pack-utgåvene av Killer Instinct.

Det er ikkje sett nokon dato på oppdateringa utover at den vil bli tilgjengeleg snart.

Om du ikkje er ein av dei som har importert ein Xbox One kan superheltslåssespelet Injustice: Gods Among Us: Ultimate Edition til PlayStation 4 vere eit alternativ.

Siste fra forsiden