Kingdom Hearts-samling har fått dato

Hausten byr på gjensyn med Sora, Donald og Langbein.

Det har vore kjent ei stund at hausten vil la oss oppleve starten på Square Enix og Disney sitt samarbeidsprosjekt på ny. I fjor kunngjorde Square Enix at dei jobba med ein PlayStation 3-versjon av det første Kingdom Hearts-spelet, samt Kingdom Hearts: Re: Chain of Memories og Kingdom Hearts: 358/2 Days.

Dei tre spela kjem i ei samlepakke som har fått namnet Kingdom Hearts: HD ReMIX, og byr på oppussa grafikk og den japanske Final Mix-versjonen av det første Kingdom Hearts-spelet. På norsk betyr dette kort og godt innhald vi aldri fekk kose oss med her til lands.

Det første spelet i serien og 358/2 Days har vi fått erfare før, men denne versjonen av Chain of Memories blir ei ny oppleving for Europearane. Det var originalt eit eventyr til GameBoy Advance der kampane skjedde ved bruk av kort. Spelet fekk derimot ein PlayStation 2-versjon noko seinare, men denne dukka aldri opp på våre kantar.

Radarparet i HD.

Kingdom Hearts: HD ReMIX vil by på alle dei tre spela, men 358/2 Days kjem i form av ein lengre film som fortel historia frå spelet utan at vi får delta sjølve. Om du har spelt 358/2 Days er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor, sidan det ved sidan av å vere blant dei svakare spela i serien byr på ein oppstykka natur som ikkje låner seg like godt til ei oppussing som dei andre spela i samlepakka.

I dag har Square Enix i ei pressemelding fortalt at datoen for samlepakka no er spikra. 13. september dukkar Kingdom Hearts: HD ReMIX opp i butikkhyllene, og vil la oss reise ut på eventyr med Sora, Donald og Langbein igjen.

Kingdom Hearts-serien har sidan starten i 2002 vore eit ganske pussig konsept. Square Enix laga eit eventyrspel der vi møtte både Final Fantasy- og Disney-figurar i ei saleg blanding. Etter kvart som serien utvikla seg fekk vi ta del i ei stadig meir innvikla historie som kom med sitt førebels siste kapittel i fjor.

Les også: Tilbakeblikk: Kingdom Hearts Les også: Anmeldelse: Kingdom Hearts: Birth by Sleep

Siste fra forsiden