Anmeldelse

Kingdom Hearts

Du veit noko stort er i vente når to gigantselskap som Disney og Square slår seg saman. Mange var bekymra over denne utviklinga. På diskusjonsforum verda over var det ikkje mangelvare på kommentarar som: "Er Kingdom Hearts bra? Eg elskar Square, men hatar Disney." Så kva skjer når skaparane av nokre av dei bestseljande spela på markedet, og musefabrikken samlar sine krefter?

Side 1
Side 2

Og alle hjarte gledar seg
Rundt omkring i dei forskjellige verdene i Kingdom Hearts vil du finne små hjartesymbol, Trinity merker. Når du finn eit slikt merke kan Sora, Donald og Langbein slå sine krefter saman for å få tak i skjulte skattar. Om du kan benytte deg av eit Trinity merke er avhengig av kor langt i spelet du har kome. Du får nye Trinity eigenskapar etter viktige punkt i eventyret, så det blir gjerne ein del reising fram og tilbake for å låse opp merker du ikkje hadde tilgang til tidlegare. Dette kunne ha vore ei slitsam oppgåve hadde det ikkje vore for journalen til Gemini Cricket.

I dette hendige oppslagsverket kan du finne nyttig informasjon om minispel og den generelle framgangen din. I tillegg får du eit leksikon over alle karakterar og figurar du har møtt på. Her står det om styrker og svakheiter, og du kan hente fram 3D-modellen for å ta ein nærmare kikk. Alle figurar i Kingdom hearts, om dei så er frå Disney eller Square, er gengitt til minste detalj. Frå Pluto til Kong Neptun. Det ser ut som ein teiknefilm til tider. Alt er så truverdig mot det originale materiale at det er lett å la seg lure. Små detaljar som når ein heartless ristar på hovudet, er kanskje ubetydelege, men dei fører så mykje liv og sjarm til spelet. Det er ikkje alltid kor mange polygonar og teksturar kvar figur har som er det viktigaste, men korleis dei er brukt.

Disney og Square har fått mange kjende skodespelarar med på laget denne gangen. Frå Haley Joel Osment, til James Woods. Ein del mindre kjende skodespelarar dansar og rundt omkring i kulissane. Stort sett har alle karakterane sine originale stemmer. Dessverre har ikkje Robin Williams stemma til Genie, men erstattaren er så lik at du kan begynne å lure til tider. Stemmene er og svært bra. Alt, frå Leons monotone toneleie, der du berre ventar på eit "Whatever", til Cloud som høyrest ikkje ut som om han har det så bra for tida. Sjølv om alt er fint og flott så er det ein som stel showet utan konkurranse. James Woods. Det er ikkje snakk om å spare på krutet når James Woods trer på seg den blå framtoningen til Hades. Han riv seg i håret og snakkar som ein virvelvind, akkurat som i filmen. For det meste er det sånn, akkurat som i filmen.

Det einaste eg har noko å utsette på når det gjeld snakking i spelet er at det kanskje er litt lite av det til tider. Dei fleste karakterane du møter snakkar kanskje nokre få setningar, så er det over på tekstboksar. Når dei først hyrer kjende namn, kunne dei godt ha utnytta dei til sitt fulle potensiale. Musikken i spelet hentar all inspirasjon frå Disney's klassikarar. Den set deg effektivt inn i den rette stemninga når du besøker nye verder. Når fiendar dukkar opp skiftar den raskt til dramatisk kampmusikk, noko som gir deg eit par sekund til å forberede deg, om du skulle trenge det. Det er nok ingen evigvarande klassikarar på dette sountracket, men bli ikkje overraska om du skulle finne deg sjølv nynnande på gummiskip musikken.

Konklusjon
Mange har nok venta lenge på dette spelet. Nokon har vore skeptiske, andre har gleda seg til små barn. Det er lett å klassifisere Kingdom Hearts som eit barnespel, men det er meir enn runde ansikt i dette spelet. Her er den episke historia, sorg, hat og kjærleik, berre i ei litt anna innpakking enn vi er vandt til frå Square. Det har sine feil, som dei fleste spel har. Til dømes er det nokre scener som blir nesten banale i sine beretningar om korleis alt går bra om vi står saman. Desse feila spelet skulle ha er det i midlertid lett å oversjå. Det har så mykje å gi, og om du likar slike spel kan du godt bli sittande i 40-60 timar før du tar siste steget mot slutten. Likar du Square, eller Disney, eller enda betre, begge to, er det ingen tvil om at du bør avsjå nokre hundrelappar til fordel for denne perla av eit spel. Dessutan så er følelsen av å sparke rumpa til ein viss person verdt spelet aleine.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden