Anmeldelse

Kingdom Hearts

Du veit noko stort er i vente når to gigantselskap som Disney og Square slår seg saman. Mange var bekymra over denne utviklinga. På diskusjonsforum verda over var det ikkje mangelvare på kommentarar som: "Er Kingdom Hearts bra? Eg elskar Square, men hatar Disney." Så kva skjer når skaparane av nokre av dei bestseljande spela på markedet, og musefabrikken samlar sine krefter?

Side 1
Side 2

Det er berre å ta av seg hatten, bøye seg i støvet og sleike Squaresofts blankpolerte mokkasinar. Dei har klart det igjen. Innerst inne trur eg at Square er ein gjeng romvesen frå ein firkanta planet langt ute i verdensrommet, i galaksen Disney. Ein kan begynne å lure på kvar dei tar all kreativiteten frå. I eit karrieresamfunn, der stressfaktoren er høgre enn i ei maurtue på ein dårleg dag, er det eigentleg rart at det kan bli skapt slike hjertevarmande perler. Sjølv om det er gjennomsyra av kjente og kjære Disneyfigurar er det Square sitt spel dette her. Og det merkast, svært godt. Som i mange andre spel frå Square er du ein svært ung mann. I dette tilfellet 14-åringen Sora. Bekymringsfri og naiv bur han på Destiny Island i lag med venene Kairi og Riku. Sjølv om det ser ut som eit lite paradis er det tydelegvis ikkje godt nok for dei tre venene dine, som planlegger å reise frå øya i ein liten båt. Det heile startar ganske så enkelt. Sora må samle litt utstyr og proviant til den lange reisa dei skal ut på. Ein heilt grei måte å lære seg å handtere spelet på eigentleg. Samtidig får vi møte dei første kjenningane frå Final Fantasy-universet.

Det er kanskje like godt å få sagt det så tidleg som mogleg. Det er ikkje eit Final Fantasy-spel dette her. Kingdom Hearts lånar ein god del frå den legendariske serien, og det kjem eg tilbake til, men dette er først og fremst eit action-eventyr som føregår i sanntid. I tradisjonell stil spring du rundt med eit sverd (eller i dette tilfelle ein nøkkel), med det bankar du opp alt som måtte kome i din veg. Bankar du opp nok fiendar går du opp i level, og får nye eigenskapar som du kan utruste deg med. Desse er alt frå å bli kraftigare til å kunne hove inn fleire skattar frå fiendane du tar knekken på. I tillegg til Sora, følgjer alltid to vener med deg.

Som standard er Donald og Langbein dine beste kompisar, men i dei forskjellige Disney-verdene i spelet viser Sora seg som den overfladiske personen han er og dumpar Donald eller Langbein til fordel for heltar frå kjende Disney-klassikarar. Det er eit under at det med ei slik handling ikkje oppstår sjalusidrama her. Noko av det som irriterar meg mest med Kingdom Hearts er kameraet. Riktig nok kan du rotere rundt på det med L2 og R2, men det hjelper ikkje stort når kameraet har ein lei tendens til å henge seg fast i kulissane når du skal gjere eit viktig hopp. Ekstra irriterande blir det når kameraet på død og liv skal stille seg rett bak Sora, slik at du gjerne må halde konstant på L2 eller R2 for å sjå det du skal. Desse problema er størst i trange område, men dei er det ein del av. I kamp fungerar det derimot mykje betre, ved å trykke på L1 kan du låse deg fast til ein fiende slik at du ikkje treng tenke særleg strategisk. Strategisk tenking er heller ikkje eit spesielt framtonande element i Kingdom Hearts. For det meste er det frenetisk knappetrykking og litt magi kasta inn i miksen.

Landslaget frå helvete
Kingdom Hearts har sannsynlegvis den største forsamlinga ondskapsfulle personar på denne sida av Disneyworld. Som om dei ikkje har klart å skapt nok bråk i sine respektive Disneyfilmar, har nesten samtlige Disney bad guys samla seg saman for å ta knekken på vår helt. Det heile dreiar seg om nøkkelhol. Før i tida, då alt var som det skulle, var alle verder avskilde, og kontakt mellom dei var ikkje mogleg. No har derimot katastrofa skjedd, og hjartelause vesen vil velte inn over folk inntil nøkkelhola er stengt. Å reise mellom desse verdene er no mogleg, og mykje av spelet går ut på akkurat det. For å reise mellom desse verdene får du hjelp av Snipp og Snapp. I si nye rolle som tekniske geni stiller dei Gummiskipet til disposisjon. Med dette skipet kan du reise frå rike til rike, og skyte ned mange rare ting på vegen, alt i klassisk arkadestil.

Det er meir med gummiskipet enn som så. Skipet kan du bygge om som du vil, og rundt omkring finn du mange delar og byggeplanar som kan brukast for å forbetre framtoningen. Det heile høyrest svært så spanande ut, på papiret. Det er synd å seie det, men dette er vel kanskje ikkje det smartaste påfunnet til Square. Frå grafikken henta frå tidleg PSX-historikk, og til det, etter min smak, uengasjerande opplegget, endar dette opp som ei heller kjedeleg affære. Kall meg dum, men eg forstod eigentleg aldri noko særleg av heile greia. Det kan ha litt med at eg aldri eigentleg gjorde dei heilt store forsøka på å sette meg inn i det, men nok om det. Utan å røpe for mykje, er dei fleste "viktige" Disney-filmane representerte her. Frå Alice eventyrland til Tarzan. Det forundra meg litt at eit par av dei riktig store filmane frå Disney ikkje er sterkare representert, men dei måtte vel spare litt til oppfølgjaren. Det same kan eigentleg seiast om Final Fantasy-spela. Dei seks første spela er praktisk talt ikkje-eksisterande, og Final Fantasy IX, min personlege favoritt strålar med sitt fråvær. Dei fleste Final Fantasy-figurar har kun små roller, og fører ikkje meir til spelet enn eit par kommentarar no og då. Ei litt større rolle har dei små, runde skapningane betre kjende som Moogles. I butikken deira kan du lage nye våpen og betre utstyr av ting du finner rundt om kring i verda.

Kingdom Hearts spelar omtrent som Final Fantasy, om ein ser vekk frå at det ikkje er tur-basert. Du har same type meny nede i venstre hjørne, og du har MP og HP teljar som før, berre i ein litt meir barnevenleg fasong. På same måte som det var tilfeldige kampar i FF, så er det tilfeldige kampar i Kingdom Hearts. Fienden din, "The Heartless" materialiserar seg i lufta, og dukkar opp med gjevne mellomrom. Heartless er vesen utan hjarte. Dei er svarte som natta og har kule gule auge. Hadde du putta på dei ein blå frakk og ein lysebrun hatt hadde dei sett ut som Vivi frå Final Fantasy IX. Heartless dukkar opp forskjellige versjonar etter kvart som du bevegar deg lengre ut i spelet, men det var ein ting som slo meg med dei første du møter på. Om du har spelt ICO, hugsar du sannsynlegvis skyggane som hoppar rundt omkring og kryp som svarte flekkar bortover bakken. Heartless er skremmande like til tider. Dei er svarte, hoppar rundt omkring, og kryp ned i gjorda til dei berre er ein svart flekk som bevegar seg bortover. Enten har karakterdesignar og regissør Tetsuya Nomura vore tom for inspirasjon, eller så har han spelt veldig mykje ICO.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden