Anmeldelse

Kingdom Hearts II

Sora og kompani vender tilbake i eit merkeleg eventyr som kan slite på tolmodet ditt i stor stil.

Godt over fire timar tok det meg å kome gjennom prologen til Kingdom Hearts II. I løpet av femten timar var det stort sett kun prologen som gav meg noko som helst å gå på angåande kva historia i Kingdom Heart II eigentleg prøvar å formidle. Etter omtrent femten timar kom eg vidare. Eg kom til verda inspirert av Tron, ein klassisk og temmeleg sær film frå tidleg åttital. Så langt i spelet var dette den einaste verda som var fletta inn i spelet med noko som kan formulerast som logikk. Resten er eit rot av tilfeldige og ganske dårleg samansatte hendingar.

Du susar rundt i eit gummiskip, flyr gjennom portalar, landar i Agrabah eller piratøya, møter nokre kjende ansikt, spaserar i nokre gjennomført uinteressante område, leverer pryl til hjartelause beist, er vitne til nokre dårleg regisserte historie-sekvensar, og reiser vidare til neste verd. Det er veldig lett å ikkje la seg engasjere på nokon som helst slags måte. Det einaste eg sit igjen med er ei kjensle av at både Disney og Final Fantasy har blitt misbrukt til det ytterste. Eg møter Cloud, der han står lent til ein vegg i Hollow Bastion. Han syter. Han er som ein liten unge, ein liten drittunge som syter. Eg har aldri hatt dette inntrykket av Cloud før.

Ikkje før no. Seinare og utan meining dukkar Sephiroth opp. Han seier nokre ord til meg, og forsvinn inn i mørkret. Aleine står eg tilbake med Sora, Donald og Langbein, og tenker at dette var meiningslaust.

Under ein isbre og bak ein foss

Det ligg ei god historie her ein stad. Den ligg gøymt under eit unødvendig tjukt lag av Disney-figurar som ikkje høyrer heime i dette spelet. Håpet er det einaste som får meg til å fortsette. Det er for mange av dei, og du bryr deg aldri. Ikkje ein gong om hovudpersonane bryr du deg. Eg skal innrømme det var ei lita tåre i augekroken min då eg høyrde lydane frå hovudmenyen første gong eg starta opp spelet. Gledeleg gjensyn får ein sei. Kingdom Hearts var eit makelaust spel som fletta saman Disney med Final Fantasy på ein måte ein ikkje skulle tru var mogleg.

No kan det sjå ut til at dei har øydelagt alt. Meistrane av historieforteljing har prestert å gi oss ei historie på ein så dårleg måte at du aldri føler nokon trang til å halde fram. Det er ikkje så rart heller. Du reiser inn i ei Disney-verd, møter nokre folk du har møtt før, snakkar om ting du har høyrt før (om du har sett dei respektive Disney-klassikarane), og gjer eigentleg ingenting. Du hjelp dei med å bli kvitt nokre hjartelause, men det er det. Du er der kanskje i toppen ein og ein halv time, så er det tilbake i gummiskipet for å fly til neste stad. Det er for lite til at du lar deg engasjere. Nokre lar seg kanskje engasjere, men ikkje eg, dessverre.

Hadde Square Enix halvert mengda med forskjellige Disney-univers vi skal tvingast innom, hadde det nok blitt betre. Halvert mengda, og fordobla lengda på det som er. Kanskje fått litt meir å gjere i kvart område og. Slik det har enda opp, spring du gjennom stirile og uinteressante område totalt blotta for liv. Eit godt eksempel på dette er Agrabah. Aladdin fortel om korleis han saknar livet i gatene som sprudlar av liv og det alltid skjer noko. Medan han fortel dette, får vi sjå gata i Agrabah. Ikkje ei sjel i sikte, kun firkanta bygningar. Det ser ut som ein død by, og det blir nesten for dumt.

Nakent og anonymt

Det er ingenting å sjå, ingen å snakke med. Det er kun Sora, Donald, Langbein, og dei du snakke med for å drive historia vidare. I tillegg har det av ein merkeleg grunn skjedd noko veldig negativt i designprosessen sidan forrige spel. Der forrige spel var fullt av liv og kreativt designa område, er alt stivt, nakent og anonymt denne gong. Der Hollow Bastion før var ein eventyrby med spandande arkitektur, er den no stiv, firkanta og grå. Det er som om sjela har blitt sugd ut og spytta bort. Ikkje misforstå, den grafiske kvaliteten er på bristepunktet av kva PlayStation 2 kan handtere. Det er flott, men kjedeleg.

Til tider er det direkte flaut. Kven fekk den horrible ideen om å inkludere Jack Sparrow og hans bekjende i denne verda? Igjen berre gjenskaper du scener frå filmen, og sjølv om Square Enix har gjort den beste jobben eg har sett med å gjenskape skodespelarar, så blir det noko fullstendig feil når dei står side om side med Donald og Langbein. Det er heller ikkje heilt det same når det ikkje er Johnny Depp som har stemma til Jack, unnskyld, Kaptein Jack Sparrow.

Denne langdryge oppbygginga er særdeles problematisk. Eg kan ikkje hugse forrige gong eg har hatt så store problem med å la meg engasjere av eit spel, og aldri før har det tatt så lang tid heller. Du skjønar, det skjer eit eller anna etter omtrent femten timar. Kjensla av å kun reise frå stad til stad berre fordi du må, forsvinn, og sakte viser spelet at det ligg noko her verdt å ta vare på. Det store spørsmålet er om eg hadde oppdaga dette om eg ikkje måtte spele det. Mange har anklaga historia i Kingdom Hearts II for å være forvirrande og kaotisk. Eg vil vinkle det på ein anna måte.

Langt og lenger enn langt Det tar lang tid før du får vite noko. Du får innblikk i kva som skjer med dei hjartelause, og ein ny organisasjon som går under det fengslande namnet "Organisasjon XIII" i løpet av dei første timane. Deretter er det heilt stille, og du reiser fram og tilbake utan mål og meining, kun for å få eit par hint no og då. Resultatet er at du nesten gløymer kva som skjedde sist når forteljinga held fram. Historia som ligg til grunn for heile spelet blir med andre ord strekt ut så langt at du ikkje vil få vite kva du held på med før det har gått ganske mange timar. I staden for ei gjennomført og engasjerande historie, får vi ei god historie splitta av ei endelaus rekke med sideoppdrag som tynner ut og øydelegg.

Det er altså etter sånn omtrent femten timar ting byrjar å skje. Når du reiser tilbake til verder du har vore i før, er det ikkje berre for å sjå gamle scener på ny. No har det relevans til historia, og historia slår tvistar på seg i kjend Square Enix-stil. Det byrjar faktisk å bli interessant, veldig interessant, og du får lyst til å sjå meir. Etter femten timar, kvifor måtte det ta så lang tid?

Den reddande engel Hadde det ikkje vore for at dei utallige kampane du må gjennom er gjennomført underhaldande, hadde du nok gitt deg for mange timar sidan. Om du har spelt Kingdom Hearts kjenner du deg umiddelbart igjen. Det er i stor grad det same, men det er lagt inn nokre nye triks for å krydre miksen litt. Noko av det viktigaste av nye element er reaksjonskommandoar. Desse utfører du når du får eit symbol på skjermen, og desse er alt frå angrep spesielt mynta på kvar individuelle fiende, til store og imponerande angrep som får haka di til å treffe golvet i begeistring. Eit anna nytt triks er drive-kommandoar. Desse utfører du i lag med enten Donald, Langbein eller begge to, og gir Sora ei ny klesdrakt med eigne spesialtriks.

Det litt interessante med både reaksjonskommandoar og drive, er at du eigentleg ikkje treng dei. Du kan klare deg heilt fint ved å kun trykke gjentatte gongar på X. Sora slår og slår og utfører komboangrep utan at du treng å anstrenge deg. Det er kun i sjefskampar at til dømes reaksjonskommandoar blir nødvendige. Du kan til dømes få ein reaksjon som lar deg hoppe opp på Pegasus for å ta knekken på ein hydra. Det er eit av dei augeblikka som gjer spelet verd å ha.

Også gummiskipet har fått seg eit løft. Det var kanskje den minst interessante delen av det første Kingdom Hearts-spelet, men no er den eit solid underhaldningsmoment i seg sjølv. Snipp og Snapp hjelper deg med å frakte deg mellom verder, og du gjer dette ved å fly i eit gummiskip du kan konstruere sjølv om du vil. Før kvar nye verd på du gjennom ein portal i noko som utartar seg som ein mellomting mellom Panzer Dragoon og R-type. Det er ganske artig, spesielt sidan ein del av bretta har fantastisk bra oppbygging.

Konklusjon Det er vanskeleg å setje ein karakter på Kingdom Hearts II. Eg har hatt det veldig moro med spelet, og sjølv om det har litt for mange tamme sekvensar, har eg fått meg ein god latter her og der. Men det tok meg femten timar før eg kom til det punktet at eg ville spele meir. Femten lange timar. Folk flest har ikkje tid til å legge femten timar inn i eit spel før det blir moro. I tillegg er det eit spel som ikkje klarar å bestemme seg for kven det vil ha som målgruppe. Det er bygd opp så enkelt at små barn kan spele det, og ein skulle tru dei minste blant oss ligg midt i målgruppa for dei karakterane spelet byr på. Du skal derimot bli godt prøva om du greier å finne ein seks år gammal gut som forstår noko av historia.

Kingdom Hearts II er eit spel som krever mykje tid, og om du gir spelet tid vil du finne mykje bra. Berre vær klar over at det lid av ei alvorleg identitetskrise. Trass i at det tar seg opp i stor stil er eg skuffa, veldig skuffa.

Siste fra forsiden