Sniktitt

Kingdom Under Fire: Circle of Doom

Nokre skallar delar seg i to, og med det er du kjapt tilbake i Bluesides mørke fantasy-verd. Det er ikkje til å ta feil av kvar vi er når ein høyrer den tunge gitaren med sine velplasserte trommer, i det logoen til Kingdom Under Fire: Circle of Doom viser seg på skjermen. Vi er tilbake ja, i god stil, men dette er ikkje akkurat det Kingdom Under Fire du kjenner frå før.

Se trailer fra spillet

Vis større

Trailer: Kingdom Under Fire: Circle of Doom


Kingdom Under Fire-spela på Xbox var ei salig blanding av action og strategi der du leia ei hær med soldatar inn i fiendtleg område, og kasta deg personleg inn i kampen i rolla som ein av mange heltar. Det var intenst, utfordrande, fordømt vanskeleg til tider, men fy så moro. Meir unikt får du det eigentleg ikkje, og difor er det litt merkeleg at Blueside har valt å fullstendig sløyfe alle dei strategiske elementa serien er kjend for. Det som står tilbake er eit heilt streit hakk-og-slå-spel dei fleste vil kunne kjenne seg igjen i. Eller, nesten heilt streit.

Poengbasert kamp

Kingdom Under Fire: Circle of Doom skiljar seg frå andre knappevrengande actionspel ved at alt baserar seg på ferdigheitspoeng. Har du ikkje nok ferdigheitspoeng får du ikkje ta i bruk dei våpna du vil kveste fiendar med. Har du ikkje nok ferdigheitspoeng får du rett og slett ikkje slå eit einaste slag. Har du mange av desse fagre poenga kan du slå fienden synder og saman i ein poetisk dans av blod i alle fargar, og det er gjerne det du vil, er det ikkje?

Systemet er satt opp på ein svært enkel måte. Du drep fiendar, får erfaringspoeng, og når du har nok vil du gå opp i nivå. Ved dette punktet får du fordele ei solid dose poeng på tre forskjellege attributtar; helse, ferdigheitspoeng og flaks. Om du er dyktig er det kanskje ikkje så viktig å leggje stor vekt på helse, men ferdigheitspoenga vil du tørste etter. Avhengig av om du startar spelet med ein tung eller lett krigar, vil du innsjå at kamp ikkje alltid er like lett. Å spinne rundt med nokre små knivar er kjapt, intenst og ufyseleg moro, men med ein stor gullbelagt krigshammar går det tregt, frykteleg tregt. To slag og du må ta ei pause før du får slå igjen.

Dette kjem av at kvart slag kostar ferdigheitspoeng. Når desse poenga er brukt, vil dei regenerere avhengig av kor rask regenerering helten din har og kva våpen du brukar. Ein liten kniv kostar til dømes få poeng å bruke, og den regenererar kjapt. Store tunge økser er det motsette, og kostar mykje, men regenererar lite.

Dette systemet blir raskt veldig opplagt. Om du er stor og tung vil du måtte kjøpe deg ferdigheitspoeng, sidan helsa di sannsynlegvis er ganske robust i utgangspunktet. Er du liten og nett vil du ikkje tåle støyten like godt, men våpna dine regenererar raskt, så du kan heller kaste inn poenga dine på å kjøpe helse. Litt flaks skadar heller aldri, så det kan vere lurt å få seg litt av det òg.

Mørkare enn før

Når alle dei tekniske elementa har blitt ei vanesak er det ut på eventyr, og dette bør gå ganske glatt. Du møter hordar av forskjellege fiendar i eit frykteleg mørkt spel. Ikkje berre er fiendane til tider av ein mykje mørkare natur enn kva vi som regel ser (forvaksne sutreungar spidda på spyd er berre ein av hindera du må kutte ned med øks), men spelet er mørkt. I visse mosegrodde skogar er det så mørkt at det tidvis er vanskeleg å sjå skikkeleg. Andre gongar er spelet diffust og nesten litt tåkete. Det er eigentleg ein passande stil i eit spel som eigentleg er veldig pent.

Dette kjem tydeleg fram i mellomsekvensane som dukkar opp her og der. Vi ser gjerne berre eit ansikt som snakkar, men desse er veldig detaljerte, og får fram spelets særeigne stil. Animasjonen i sekvensane er kanskje litt hakkete til tider, men til gjengjeld er dialogen både betre skriven og framført enn kva som var tilfelle i dei førre Kingdom Under Fire-spela.

Samtidig har musikken tatt seg opp nokre hakk. Uavhengig av om du likte metal-musikken i Kingdom Under Fire-spela på Xbox eller ikkje, vil du sannsynlegvis setje pris på musikken i Circle of Doom. Den er meir variert og får fram forskjellege nyansar av både verda og karakterane. Vi finn den tunge rocken spelet er kjend for, men det er samtidig ein større fokus på drivande bassrytmar og nokre uventa, men veldig pene pianomelodiar her og der.

Konklusjon

Blueside kan å lage action-eventyr. Dei har eigentleg aldri gjort noko anna, sjølv om det var stor vektlegging på strategi i dei tidlegare Kingdom Under Fire-spela. Dei har riktig nok ikkje alltid levert gull og grøne skogar, noko det litt skuffande Ninety Nine Nights er eit godt eksempel på, men det ser ut til at dei tek seg opp nokre hakk med Kingdom Under Fire: Circle of Doom. Om det blir ei gullgruve av blodige kampar i eit intenst tempo er ikkje mogleg å seie heilt enno, men kampsystemet har nok av små tvistar til at det skiljar seg ut frå mengda. I tillegg har både lyden og det visuelle nok særpreg til at du ikkje automatisk ropar «sett det før!», noko som er eit stort pluss. Vi kryssar fingrane og håpar det ferdige spelet held den same kvaliteten som Kingdom Under Fire-spela på Xbox.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen