Anmeldelse

Kingdom Under Fire: The Crusaders

Ingenting kan måle seg med dette. Dette vannvidd som møter deg i det alt bryt saman i ein dans av lys og mørke. Skapningar flyg i alle retningar, nokon skrik om hjelp, men du har kun auge for ein ting. Du banar deg veg gjennom massane av grøn hud, med dødeleg fokus på målet ditt. Du sender eit slag, og eit slag til, før du sender skapningen flygande bakover. Han kjem seg ikkje opp at, og du kan sjå motet forsvinne blandt dei som er igjen. Du løftar sverdet ditt i eit triumfbrøl, og det er berre snakk om sekund før resten av følget ditt gir etter.

Det er godt mogleg dette er kva du vil sjå. Godt mogleg vil du la deg fange av den intense atmosfæra som driv Kingdom Under Fire: The Crusaders. Eller kanskje ikkje. Kanskje vil du sjå dette spelet som enda ei håplaus klone av Dynasty Warriors. Enda eit meiningslaust forsøk på å lage underholdning av ei analog stikke og nokre få knappar. Kanskje vil du reagere på denne måten, og fullstendig ignorere alt det andre Kingdom Under Fire: The Crusaders lar deg gjere. Kanskje legg du ikkje merke til kor fantastisk genialt dette spelet eigentleg er.

Genialt konsept
Det er så latterleg enkelt at det er verre enn ei mordgåte å finne ut kvifor ingen har gjort dette før. Du sender inn hærene dine, og styrer helten sjølv. Du er sjølv midtpunktet i eit strategi-scenario utan sidestykke. Eit strategi-scenari der jobben din består av minst like mykje taktisk planlegging, som å dele ut dødsbodskapen i utallige komboar. Du kan setje feller for fienden og lokka han med deg til den sikre død. Når det endeleg brakar i hop, glir du rett inn i rolla som ein krigar i ei mørk og dyster fantasy-verd. Du kan bruke dei fleste knappar på kontrolleren, og kvart slag vil sende enda fleire skrikande ulukksalige sjeler til dei evige torturkammer. Det er akkurat her det er lett å la seg lure. Det er lett å tru ein kan gi blaffen i all strategi, men så feil kan ein ta.

Har du spelt korta dine forferdeleg dumt kan ikkje eingong verdsmesteren i knappetrykking redde deg frå det som følgjer. Har du spelt utan hensyn til kva som skjer rundt deg, er du ferdig. Så enkelt er det. Om du blir sitjande fast i ein brennande skog sidan fienden brukar flammepiler, er det din feil. Om du ikkje kan sjå fienden fordi troppane dine er vendt mot sola, er det din feil. Om soldatane dine spring i oppoverbakke mot ei konsentrert gruppe med bogeskytarar, er dette også din feil. Alt er din feil, uansett. Du må alltid sjå situasjonen an. Du får kanskje nokre råd via mellomsekvensar og snakking medan du går mot målet ditt, men desse råda er ufullstendige. Du skal legge feller på det raude området, men kvifor ikkje legge enda fleire feller? Å bryte litt frå akkurat det du til ei kvar tid skal gjere, er ofte nøkkelen til siger.

Mellom slag kan kan du ofte reise til forskjellige byar og leirar. Her får du neste ledd i historia samtidig som du kan oppgradere dei gruppene med soldatar du har til disposisjon. Oppgraderinga føljer eit greineledd, der du først må oppgradere ledaren for gruppa. Når han har oppfylt visse krav for kva han er god i, kan gruppa skifte jobb. Bogeskytarar kan gå frå simple menn med boge, til ei tungt armert hær med kanonar. Om du vil kan du også kjøpe nye våpen og utstyr. Alt gjer deg på ein eller anna måte betre, og det er lurt å planlegge litt for kva du kjem til å få bruk for. Det er lurt å vere forsiktig med å legge alt i ei hær, og heller fordele fornuftig på visse kjerneområde. Har du brukt alle erfaringspoeng og gullmyntar du har på å bygge opp bogeskytarane, kan det svi ganske hardt om du kjem til eit slag du ikkje kan bruke dei.

Kingdom Under Fire: The Crusaders Xbox Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. oktober 2004
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Phantagram Interactive

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen