Sniktitt

Kingdom Under Fire: The Crusaders

Spel på Xbox er stort sett kjende for å dreie seg rundt få ting; skyt, hoppe, slå eller køyre veldig fort. Kindom Under Fire prøvar ikkje akkurat å forandre denne formelen, men i likheit med mange andre spel som kjem ut denne høsten, vil det sterkt utfordre folk si generelle oppfatning av kva Xbox kan tilby. Etter i år vil Xbox for alvor ha demonstrert sitt potensiale, og eit spel som har kvalitetane for å gå i fronten når dette skjer, er Kingdom Under Fire: The Crusaders.

Ei enorm oppleving
Kingdom Under Fire: The Crusaders ser heilt sinnssjukt ut. Kvar modell er sett saman av 3000 til 5000 polygonar. I tillegg er det mange av dei, frykteleg mange. Sjå for deg at du er ein krigshelt. Som krigshelt har du ein liten armè på sei, 40 fotsoldatar. Etter nokre slag har dette nummeret utvida seg. Du har ikkje ein armè, du har fem. To med fotsoldatar, to med kavalri, og ein med bogeskytarar. Du står i skogen medan regnet høljar ned, slår deg mot auga, og gjer det vanskeleg å sjå. Det er då det skjer, fienden nærmar seg. Du kan sjå han kome forbi. Heldigvis har han ikkje sett deg. Bogeskytarane går i posisjon. Kavalriet bevegar på seg for å flanke, du gir kommandoen, og alt helvete bryt laus.

Slik er Kingdom Under Fire. Det nyttar ikkje å storme inn som ein tanketom idiot. Du kan vinne mot ei overlegen hær om du spelar korta dine riktig, men å springe rett på betyr sikker død. Sei til dømes at du spelar som mørk-alvane, dei er raske og smidige, men manglar fysisk styrke. Å springe rett inn i ein bataljon menneske med lanser er sjølvmord. Om du heller sirklar rundt, angrip bogeskytarane deira, og slepp laus eit pilregn over dei resterande troppene har du med ein gong overtaket. Har du plassert troppane dine bra, og gir dei riktige kommandoane kan du faktisk vinne eit slag utan å bruke helten din. Dette seier litt, sidan helten er den desidert sterkaste. Det er alltid kun ein karakter du har direkte kontroll over, men du vil også få hjelp av to effektive drapsmaskiner. Saman kan dei utløyse dødelege angrep.

Hopp inn og ta kontroll
For å slå ei hær kan du ta den tradisjonelle vegen (drepe alle saman), eller du kan ta ein litt meir effektiv veg, finne ledaren. Tar du først knekken på han, er resten brått mykje enklare, men å finne han midt i mylderet av regn, våpen og folk, kan vere vanskeleg. Når to motståande hærer bryt saman, skiftar din kontroll frå heile hæra di, til kun generalen. I likheit med spel som Dynasty Warriors spring du rundt og trykker på X og A for å utløyse diverse angrep. Kampane er litt meir avansert enn desse knappane, med til dømes spesialangrep og unnvikelsesmanøver, og essensen er å kombinere alt dette. Kampsystemet er solid og underhaldande, men ikkje særleg kreativt. Det følest som om det ligg noko stort og flott gøymt bak poleringa som desperat prøve å kome ut, men ikkje heilt greier det.

Mellom bretta bevegar du hæra di på eit stort verdskart, det blir spanande å sjå om du kun kan gå dit historia tek deg, eller om vi får litt friheit til å velje eigne mål. På kartet kan du gå til byar der du til dømes kan oppgradere styrkene dine. Du oppgraderar ikkje soldatane dine direkte, kun helten, men alt du gjer med ein helt vil i tur påvirke soldatane. Dette har også eit anna utslag i kamp. Om helten din blir hardt skada, vil dette spre dårleg moral, og gjere sjansen for tap større. Ein anna god grunn til å angripe helten til fienden umiddelbart. Alt som påvirkar deg, kan også påvirke fienden. Dette er ein moment som kan bli veldig interessant over Xbox Live. Kingdom Under Fire: The Crusaders lovar ein solid Xbox Live-komponent der du kan bygge opp hæra di mellom slag, og finne motstandarar på ditt nivå.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen