Kingdom Under Fire: The Crusaders har fått dato

Phantagram har endeleg kunngjort den Europeiske lanseringsdato for Kingdom Under Fire: The Crusaders.

Kingdom Under Fire: The Crusaders er oppfølgjaren til det populære RTS-spelet Kingdom Under Fire: A War of Heroes frå 2001. I motsetning til forgjengaren som var eit tradisjonelt stratgeispel i ekte WarCraft-ånd, er Kingdom Under Fire: The Crusaders ei blanding mellom taktisk krigføring og intens action.

Kingdom Under Fire: The Crusaders utspelar seg 50 år etter A War of Heroes. Dei mørke legionane er tilbake, og bringer død og øydeleggjelse med seg. Om du vil hjelpe dei, eller kjempe mot dei, er fullstendig opp til deg. Spelet inneheld to forskjelige rasar som kvar har to heltar med seperate historier. Presentert med svært realistisk grafikk, vil Kingdom Under Fire kunne vise opp til 150 forskjellige figurar på skjermen til ei kvar tid. I tillegg vil opp til fire spelarar kunne gå til krig over Xbox Live.

Kingdom Under Fire: The Crusaders kan ventast til butikkane 1. oktober. Vi kjem tilbake med full omtale av denne eksklusive Xbox-tittelen nærmare lanseringsdato.

Siste fra forsiden