Kjem Resident Evil: Revelations til konsoll?

Det solide 3DS-spelet kan vere på veg til nye format.

Resident Evil-serien har fått køyrt seg hardt i det siste. Capcom har pumpa ut ei lang rekke spel dei siste åra, og ikkje berre gjennom hovudserien der Resident Evil 6 nyleg gjorde eit solid forsøk på å pumpe adrenalin ut i blodårane våre.

I fjor dukka både Resident Evil: Operation Raccoon City og Resident Evil: Revelations til 3DS opp i butikkhyllene. Førstnemnde er eit lagbasert skytespel i tredjeperson, medan vi i Revelations følgjer Resident Evilveteranen Jill Valentine som jaktar etter makkeren sin Chris Redfield ombord på eit cruiseskip. I motsetning til fleire av dei andre Resident Evil-spela av nyare dato er Revelations eit spel som verkeleg smørjer på tjukke skrekkelement, noko mange meiner manglar i dei siste konsollspela.

Skjermbilete frå Resident Evil: Revelations på 3DS.

Difor er det kanskje til glede for mange at mykje no tyder på at Resident Evil: Revelations er på veg til ein konsoll nær deg, i alle fall om du har ein Xbox 360. Via VG247 får vi vite at nettstaden Exophase har fått tak i ei liste med prestasjonar du kan låse opp i ein Xbox 360-versjon av Resident Evil: Revelations.

Dette er ikkje først gong vi høyrer om ein konsollversjon av 3DS-spelet. Tilbake i november fekk vi høyre at både ein PlayStation 3- og Xbox 360-versjon av Revelations hadde fått aldersmerking i Sør-Korea.

Capcom har enno til gode å kunngjere noko som helst, men mykje tyder altså på at om du ikkje har ein 3DS kan du likevel få sjansen til å spele eit av dei siste åra sine skumlare Resident Evil-spel ein gong i løpet av året.

Les også: Anmeldelse: Resident Evil: Operation Raccoon City Les også: Anmeldelse: Resident Evil 4 HD

Siste fra forsiden