Kjemp mot Kong Washington

Assassin's Creed III-DLC snur historia på hovudet.

I det komande storspelet Assassin's Creed III følgjer vi Connor gjennom den amerikanske revolusjonen. Connor er halvt brite og halvt Mohawk, og tek i bruk det beste frå to verder. Blant anna er han ein kløppar med øks, og får klatring i tre til å sjå ut som ein dans.

Der du i spelet hjelper Amerika sin første president George Washington, blir situasjonen ein ganske annan når det nedlastbare innhaldet til spelet blir tilgjengeleg. Ubisoft har i dag kunngjort The Tyranny of King Washington. Denne historia blir splitta opp i tre delar, og fortel ei alternativ historie om kva som skjedde etter borgarkrigen.

Sjølv om George Washington var ein stor helt under krigen, blir han i The Tyranny of King Washington maktsjuk etter krigen, og skyr ingen midlar for å halde koloniane samla. Connor blir såleis nøydt til å ta opp kampen mot sin tidlegare ven for å få fred tilbake til landet.

– Historie er leikegrinda vår, og Assassin's Creed-teama har alltid elska å leike med historiske fakta og konsekvensane deira som ein måte å betre forstå tidsperioden på. Medan Assassin's Creed fokuserer på historia medan den utspelar seg, ville vi ta oss litt fridom med DLC-innhaldet for å fortelje deg kva som «kunne ha skjedd», fortel Sebastien Puel, produsent hos Ubisoft i ei pressemelding.

Nyt utsikta, snart går det til helvete.

I tillegg til The Tyranny of King Washington vil Assassin's Creed få meir innhald i form av nye kart og karakterar til fleirspelarmodusen. Utover dette vil vi få nye oppdrag som byggjer vidare på historia.

Om du er ein svoren Assassin's Creed-fan har Ubisoft i tillegg kunngjort at spelet får eit sesongpass. Til ein nedsatt pris vil dette gje deg tilgang på alle dei fem DLC-pakkane som er planlagde i løpet av dei første seks månadane etter lansering.

Skal du spele Assassin's Creed III på PlayStation 3 kan du allereie no kjøpe sesongpasset via PlayStation Store. For PC, Wii U og Xbox 360 må du vente til spela er i butikken.

Assassin's Creed III blir tilgjengeleg for PlayStation 3 og Xbox 360 31. oktober, 22. november for PC, og 30. november for Wii U.

Les også: Michael Fassbender spiller i Assassin's Creed-film Les også: Sniktitt: Assassin's Creed III

Siste fra forsiden