Klar for dinosaurslakt?

No kan dinosauren i deg trampe på folk i Primal Carnage-beta.

Det har gått nokre år sidan vi først fekk høyre om Primal Carnage, og grafikkmotoren har blitt skifta ut undervegs, men no kan du omsider få erfare korleis det er å ete ein soldat. Primal Carnage, spelet som på ingen måte må forvekslast med Primal Rage, har omsider karra seg ut i ein beta der du sjølv kan ta del i moroa.

Konseptet i Primal Carnage er såre enkelt. Du tek på deg rolla som ein dinosaur eller eit menneske, og så er det berre å springe ut i krigen. Spelar du som menneska brukar du skytevåpen i førsteperson, men om du er ein dinosaur ser du alt litt ovanfrå og får ete og trampe på dei ynkelege menneska.

Kan det verkeleg kallast konkurranse?
Kan det verkeleg kallast konkurranse?

Spelet er sett opp som eit tradisjonelt fleirspelarskytespel. Menneska er på eit lag, og dinosaurane på det andre. Spelar du som menneske kan du velje mellom fem ulike klassar som ikkje burde overraske nokon. Vi får spesialisere oss i alt frå å setje feller til å lage nysprengt biff av dinosaurane, og dei nøyaktige rollene kan du lese meir om her.

Om du heller vil spele ein dinosaur vel du ikkje klassar, men men mellom fem ulike artar. Her møter vi alt frå den massive T-Rex heilt ned til den genmodifiserte raptorvarianten novaraptor. Om du helst held deg i høgda kan du ta på deg rolla som flygeøgla pteranodon.

Nokon eksakt lanseringsdato har vi ikkje fått enno. Etter planen skal sleppet skje i løpet av hausten ein gong, men allereie no kan du førehandskjøpe spelet, og med det få lov til å delta i betaen. Spelet er tilgjengeleg både på den offisielle heimesida, Steam, Gamersgate, Rain og GameStop.

Les også: Anmeldelse: Jurassic Park: The Game
Les også: Samarbeid mot dinosaurene

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen