Klar for nye Turtles-eventyr?

Nytt spel baserer seg på TV-serien i staden for årets Michael Bay-produserte actionfest.

Tidene kunne ha vore verre for Teenage Mutant Ninja Turtles-fans. Den amerikanske TV-kanalen Nickelodeon går snart i gong med tredje sesong av sin populære og animerte Turtles-serie, medan produsent Michael Bay og regissør Jonathan Liebesman førre månad hadde premiere på sin påkosta Turtles-film.

Michael Bays film ser ikkje ut til å få mykje kjærleik frå spelindustrien, men TV-serien får denne hausten eit nytt spel. Det skriv utgjevar Activision i ei pressemelding i dag.

Teenage Mutant Ninja Turtles: Danger of the Ooze blir utvikla av WayForward Technologies, og blir eit sideskrollande actionspel som set for mål å fungere som eit bindeledd mellom Nickelodeon-seriens andre og tredje sesong. Sideskrollande actionspel er ein sjanger WayForward har solid erfaring med gjennom spel som til dømes DuckTales Remastered og BloodRayne Betrayal.

Stor verd å utforske

Michelangelo gjer seg klar til å pryle ein fotsoldat.
Michelangelo gjer seg klar til å pryle ein fotsoldat.

I pressemeldinga skryt Activision over arbeidet WayForward har gjort med spelet, og fortel at dei har bygd opp ei stor verd du kan utforske. Du skal kunne utforske områda i den rekkefølgja du sjølv vil, og spelet vil i følgje Activison løne dei som vel å stake ut sin eigen kurs og tenkje kreativt, og det heile høyrest ut til å vere inspirert av spel som Castlevania og Metroid.

Spelet vil naturleg nok for eit Turtles-spel ha eit stort fokus på kampane. Du vil kunne byte mellom dei fire tenåringsskjelpaddene på eit blunk, og alle vil kome med sine eigne unike teknikkar. Ved å låse opp mye eigenskapar og triks vil du i tillegg kunne låse opp nye område der du kan ta jakta på skurkar som Shredder og Tiger Claw eit steg vidare.

Teenage Mutant Ninja Turtles: Danger of the Ooze vil bli tilgjengeleg seinare i år til Nintendo 3DS, PlayStation 3 og Xbox 360.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen